Eg er hjartans einig med Magne Djuvik i at vi ikkje vil ha det slik at femtiåringar blir slått ned. Eg vil heller ikkje ha det slik at menneske i makt- og tillitsposisjonar bidrar til å skape uriktige skremmebilete av nabolandet vårt eller andre stader.
Eg er hjartans einig med Magne Djuvik i at vi ikkje vil ha det slik at femtiåringar blir slått ned. Eg vil heller ikkje ha det slik at menneske i makt- og tillitsposisjonar bidrar til å skape uriktige skremmebilete av nabolandet vårt eller andre stader.

Lesarbrev: Kjeldekritikk for nybyrjarar

Ingen av oss ønskjer vald mot eldre, og alle ønskjer ein konstruktiv debatt. Det er mange fallgruver å falle i for dei som ikkje er innfødde på internett, skriv Nils-Anders Nøttseter.

6. april i Os og Fusaposten var det eisak om varaordførar i Fusa, Magne Djuvik, som har delt ein artikkel fråFrieord.no på facebook. Tittelen på artikkelen er «Eldre ektepar slått helseløse av innvandrere på gaten» og Djuvik sin kommentar er «Me må ikkje tillate slike tilstandar i Norge. Derfor treng me ein endå strengare innvandringspolitikk.»

For å begynne med ein digresjon: Vald er ulovleg i Noreg. I Sverige òg for den saks skuld. Likevel bryt folk lova frå tid til anna. Både dei som har vore i landet lenge og dei som ikkje har det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det var ikkje det dette skulle handle om. Dette handlar om at Djuvik og alle på hans alder er innvandrarar på internett. Dei er ikkje innfødde slik yngre generasjonar er. Ein må lære kodane og kunne språket også i internettland.

Saka til Os og Fusaposten « - Fokuset mitt var på innhaldet i artikkelen» tek nokså grundig for seg at Frieord.no er ei side som er knytt til høgreekstreme krefter og at ein bør tenkje seg om ei rekkje gonger før ein i det heile går inn der. På bakgrunn av saka kan det verke som om problemet med Frieord.no er at det er litt smaklaust, ugreitt og lite politisk korrekt journalistikk. Medan problemet er at dette ikkje er journalistikk i det heile og at dei ikkje gjer noko forsøk på å objektivt spegle røynda. Dei har ein annan agenda og er ute etter å danne opinion. Dei vidareformidlar diverse skrap som ligg på internett og sleng, og produserer ikkje eigen journalistikk.

I artikkelen Djuvik delte oppgjer Frieord.no to kjelder – Avpixlat og Den Korte Avis i Danmark. Eit kjapt Google-søk viser at førstnemnde var ein blogg som har blitt stempla som rasistisk og høgreekstrem, og som no er vidareført under namnet Samhällsnytt. Sistnemnde er ein nasjonalistisk og innvandringskritisk blogg som fleire gonger har vorte bebreida for å forvrenge kjelder og har måtta trekkje tilbake fleire saker når kjeldene har tatt til motmæle. Altså har denne saka kome Frieord.no i hende frå to heller lugubre bloggar.

Frieord.no,Document.no,Resett.no og liknande sider freistar å erklære alminnelege nyheitsaktørar falitt. Dei teiknar eit bilete av at dei store media spring myndigheitene sitt ærend, og at dei held viktig informasjon attende frå folket. I debatten på sin eigen facebookvegg skriv Djuvik: «Eg tek sterk avstand frå ekstremisme enten den kjem frå h eller v sida. Likevel må det vera lov å peika på dei sidene med innvandringspolitikken som NRK og andre media ikkje seier noko om.»

Litt artig då at akkurat denne saka som han trekkjer frem vart omtala av ei nokså alminneleg dagsavis som held til i Nyköping i Sverige –Södermanlands Nyheter. Saka vart altså dekt, men spreier seg først på desse innvandringsopphengde nettsidene. Eg undrar jo litt på om varaordføraren i Fusa også har lese seg opp på den nye førskulebussen i det same området, sidan han no er oppteken av gamle, svenske lokale nyhende. Begge sakene er frå 2014.

Ordføraren i Fusa, Atle Kvåle lufter tanken om at det kanskje er på tide med nokre gode råd, og at ein bør sjå litt på regelverk for korleis ein oppfører seg i sosiale medium. Det trur eg òg. Djupvik er ikkje den første som har tråkka i salaten på internett. Langt ifrå. Det er ikkje meir enn eitt år sidan vår tidlegare ordførar, Terje Søviknes, var i hardt vêr i mellom anna VG, Aftenposten og NRK for å haposta usaklege ting frå ubrukelege nettstader. Partikollega med dei begge, Per Sandberg, har også fått offentleg kritikk for å lenka til Frieord.

Eg er hjartans einig med Djuvik i at vi ikkje vil ha det slik at femtiåringar blir slått ned. Eg vil heller ikkje ha det slik at menneske i makt- og tillitsposisjonar bidrar til å skape uriktige skremmebilete av nabolandet vårt eller andre stader.

Første oppgåve i dette kurset i kjeldekritikk for nybyrjarar er å sjekke utung.no si online sjekkliste for kjeldekritikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje slepp vi då å diskutere fire år gamle svenske nyhende i Noreg i 2018.

Nils-Anders Nøttseter

Folkevald for Miljøpartiet Dei Grøne i Os (+n3Яd)