No er tida inne for at Marie Bruarøy igjen skal få ta plass i ordførarstolen. Ho er svært motivert til å vise at Høgre er eit styringsdyktig parti, og tek derfor ikkje på seg nokon andre verv verken i fylkeskommunal eller rikspolitisk samanheng, skriv Susanne Sperrevik.
No er tida inne for at Marie Bruarøy igjen skal få ta plass i ordførarstolen. Ho er svært motivert til å vise at Høgre er eit styringsdyktig parti, og tek derfor ikkje på seg nokon andre verv verken i fylkeskommunal eller rikspolitisk samanheng, skriv Susanne Sperrevik.

Lesarbrev: Ei stemme til Høgre er ei stemme på Marie Bruarøy som ordførar

No er vi inne i dei siste vekene før valet, og vi gler oss over målinga i BT på 15,8 prosent, som ville gjeve oss seks mandat i kommunestyret. Det er ein gledeleg oppgang på 50 prosent.

Det er òg veldig hyggeleg at så mange veljarar tek seg tid til ein prat med oss i valkampen når vi har stand eller går «dørbank». Vi merkar ei ekstra spaning i år, med ein ny storkommune som skal formast, der heile den politiske kabalen skal leggjast frå grunnen av. Vi opplever at mange av veljarane er spesielt opptekne av kven som kjem til å bli ordførar, og spør oss om det. Det veit ikkje vi, men ingen skal vera i tvil om at Bjørnafjorden Høgre går til val på vårt eige program, og at vi vil ha Marie Bruarøy som ordførar. Ei stemme til Høgre er altså ikkje ei stemme til nokon av dei andre partia.

Vi jobbar i valkampen for at så mange som mogleg skal stemma på Høgre for at vi skal bli godt representerte i det nye kommunestyret, og at vi kjem i posisjon til å få gjennomført vår politikk dei neste fire åra. I tillegg jobbar vi for at Marie skal ta tilbake ordførarklubba.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg og resten av partiet er overtydd om at Marie er ein framifrå kandidat. Ho har lang politisk erfaring som varaordførar sidan 2010 og nesten to år som ordførar i Os. I tida som ordførar styrte ho Os trygt, på ein måte som gav tryggleik og openheit, gjennom å vera inkluderande. Som leiar i fellesnemnda loste ho Os og Fusa gjennom den mest krevjande perioden av kommunesamanslåinga. Ho viste seg å samarbeida godt med administrasjon og politikarar på tvers av partia i begge kommunane, og viste at ho var ein ordførar for alle.

Marie har gått læretida og vel så det. No er tida inne for at ho igjen skal få ta plass i ordførarstolen. Ho er svært motivert til å vise at Høgre er eit styringsdyktig parti, og tek derfor ikkje på seg nokon andre verv verken i fylkeskommunal eller rikspolitisk samanheng. Ho vil bruka all si tid på Bjørnafjorden kommune.

La det ikkje være tvil: Vi i Bjørnafjorden Høgre står samla bak Marie og vil ha henne som ordførar, og ho er toppmotivert for oppgåva.

Om du vil ha Marie Bruarøy som ordførar, og ynskjer eit sterkt Høgre i kommunestyret, så må du gje di stemme til Bjørnafjorden Høgre den 9. september.

Godt val!

Susanne Sperrevik

Leiar

Bjørnafjorden Høgre