Fusa kommune har fått det for seg at det finst fjellhytter på Ådlandssetra, og fjellhytter bør ha minst éin ovn, altså her må det feiast.
Fusa kommune har fått det for seg at det finst fjellhytter på Ådlandssetra, og fjellhytter bør ha minst éin ovn, altså her må det feiast.

Lesarbrev: - Dette tullet må de slutta med

Vedtaket ber alle teikn på å vera gjort på eit skrivebord langt aust i landet, inne i den mørke skogen der byråktratane våre held til, men kva veit eg, skriv Helge Ådland.

Fusa kommune har fått det for seg at det finst fjellhytter på Ådlandssetra, og fjellhytter bør ha minst éin ovn, altså her må det feiast. Og feiaren kjem på fredag. I alle fall skal det betalast feieavgift.

sIkkje veit eg kva dei har røykt dei som har funne på dette. Vedtaket ber alle teikn på å vera vedteke på eit skrivebord langt aust i landet, inne i den mørke skogen der byråktratane våre held til, men kva veit eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kanskje Siv Jensen plutseleg fann Ådlandssetra på kartet og oppdaga at her vart det ikkje betalt feieavgift?

I snitt trur eg ikkje det har vore fyrt i nokon av ovnane på Ådlandssetra meir enn ein gong i året dei siste 70 åra, truleg mindre. Den tida setra var i bruk på sommarstid var det gudskjelov ingen byråkratar.

Til Fusa kommune vil eg seia at dette tullet må de slutta med, det er ikkje for seint å seia at dette var eit lite gjennomtenkt og dårleg forslag.

Med sommarhelsing frå Ådlandsetra!

Helge Ådland