Det er gledeleg at ein føreslår å bruka fem millionar kroner til frivillige organisasjonar som har tiltak for at eldre skal få nokon å eta måltid saman med. Vi veit at vi har for mange eldre som er einsame, og ikkje minst slit med god ernæring.
Det er gledeleg at ein føreslår å bruka fem millionar kroner til frivillige organisasjonar som har tiltak for at eldre skal få nokon å eta måltid saman med. Vi veit at vi har for mange eldre som er einsame, og ikkje minst slit med god ernæring.

Lesarbrev: Det å vera frivillig har stor verdi

Utan frivillige stoppar samfunnet, kommunen og landet opp. Utan tvil. Det er vanskeleg å begripa kor mykje frivillig arbeid som vert utført rundt om i kommunane, skriv Laila Reiertsen (Frp).

Talet timar er ein ting, men like viktig er all den medmenneskelegheita, kompetansen, meistringa og den sosiale tilhøyrsla som skjer i ein god samhandling saman med andre. Verdiar som ikkje kan omsetjast i kroner og ører.

Difor er regjeringa oppteken av å gje støtte til dette arbeidet. I 2018-budsjettet aukar ein tilskotet til frivillige organisasjonar med 10 millionar kroner. 5 millionar skal brukast til auka satsing på kor og 5 millionar til amatørteater.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er og gledeleg at ein føreslår å bruka 5 millionar kroner til frivillige organisasjonar som har tiltak for at eldre skal få nokon å eta måltid saman med. Vi veit at vi har for mange eldre som er einsame, og ikkje minst slit med god ernæring. Og det at også frivillige kan yta og gje gode sosiale rammer for måltid, er særs viktig i ei god eldreomsorg.

For 2018 vil 24,5 millionar kroner frå herrelaus arv gå til frivillig aktivitet for born og unge. Pengane skal kanaliserast gjennom Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU). Dei fordeler så pengane til nasjonale og regionale organisasjonar med frivillig verksemd for born og unge.

Momskompensasjon til frivillige organisasjonar er viktig. Ordninga vert auka med 28,6 millionar - til 1,35 milliardar kroner. Dette er ei særs viktig ordning for å fremja frivillig aktivitet. 23.000 organisasjonar fekk kompensasjon i 2016.

Ved bygging av idrettsanlegg vert det gitt 185 millionar kroner til merverdiavgiftskompensasjon. Beløpet er 14 millionar kroner høgare enn det som vart løyvd i 2017. Dette ser ein gode resultat av i vår eigen kommune, der idrettsanlegg vert bygd ut i stort monn. Noko som igjen fører til store verdiar knytt til førebygging for born og unge.

Laila Reiertsen

Os Frp