At eksisterande brannstasjon i Eikelandsosen i si tid vart lokalisert rett framfor vindauga til bebuarar på Hellemyra bufellesskap, var og er svært trist.
At eksisterande brannstasjon i Eikelandsosen i si tid vart lokalisert rett framfor vindauga til bebuarar på Hellemyra bufellesskap, var og er svært trist.

Lesarbrev: Bruk verdisettet ROMSLEG i brannstasjon-saka

NFU Fusa ynskjer med dette å appellera til alle politikarar i Fusa kommune i sak angåande utviding/nybygg av brannstasjon i Eikelandsosen.

NFU Fusa er ein interesseorganisasjon for personar med utviklingshemning/nedsett funksjonsevne, og er såleis ei viktig stemme for denne gruppa i Fusa kommune.

At eksisterande brannstasjon i Eikelandsosen i si tid vart lokalisert rett framfor vindauga til bebuarar på Hellemyra bufellesskap, var og er svært trist.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beslutninga den gong var uforsteleg, men tilhøyrer historia og er difor ikkje noko ein kan reversera.

Men det er no mogeleg for politikarane i Fusa å beslutta ny plassering av brannstasjon. Ei slik avgjerd vil kunna utløysa gode idear om framtidig bruk av dagens brannstasjon.

Det er frå ansatte-organisasjonar på Hellemyra vorte fremja forslag om at dagens brannstasjon kan innlemmast som del av Hellemyra bufellesskap. Dette er eit svært godt forslag som vil kunna opna for framtidig samanslåing med dagens bygg. Det vil gje moglegheit for auka inneareal, samt sårt tiltrengt uteareal, noko som i dag er svært begrensa.

Ei slik løysing vi kunna gje bebuarar på Hellemyra eit verdig trivselstun.

NFU Fusa er ENGASJERT i denne saka. Laget støttar fullt og heilt opp kring uttale frå personalet ved Hellemyra bufellesskap samt innspel frå S=det branntekniske personalet som utgjer Fusa brann og redning. (ref. lesarinnlegg i Os & Fusaposten nyleg).

Når det no skal setjast i verk arbeid med oppgradering av brannberedskap for å møta dagens krav, er det særs viktig å vera LØYSINGSORIENTERT for å fremja best mogeleg SAMARBEID med alle partar.

Den politikaren som er MODIG og syner omtanke og OMSORG for denne særdeles såre gruppa utviklingshemma, vil verkeleg bli møtt med RESPEKT.

Då vil brukarar og pårørande kunna sjå framover med GODT HUMØR og med takk til kommunepolitikarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil med rette vera å ta Fusa kommune sine verdiar ROMSLEG i bruk.

Dersom ROMSLEG er eit verdisett som Fusa kommune ynskjer skal vera gjeldande for lokalsamfunnet og innbygjarane, så er tida inne for alle kommunens politikarar å setja handling bak ord i denne saka.

Tenk langsiktig i avgjersla om løysing for brannstasjon i Eikelandsosen. Kommunalt/frivilleg beredskapspersonell, kommunalt ansatte på Hellemyra bufellesskap, pårørande samt NFU på vegner av bebuarar ynskjer at ny brannstasjon vert lokalisert på ny tomt. Dette vert samla sett ei vinn vinn-løysing for alle partar.

Geir Inge Eide

Formann

NFU Fusa lokallag