Terje Søviknes svarer på Asle Olsen sitt lesarbrev.
Terje Søviknes svarer på Asle Olsen sitt lesarbrev.

Lesarbrev: Bjørnafjorden inspirerer

Asle Olsen (SV) skriv nyleg at Kommunebarometeret er ein vits. Det at Os hamna på 6.plass og Fusa på 10.plass av 424 kommunar passa vel ikkje inn i SVs elendighetsbeskrivelse av kommunane våre.

Sanninga er at det er det beste måleverktyet vi har i kommune-Norge, basert på den formelle KOSTRA-rapporteringa som alle kommunar er pålagt. Kommunebarometeret har kvalitetsindikatorar for alle tenestene kommunane yter, samt vurdering av kostnadsnivået og kommunane sin samla økonomi. Begge deler er viktig for vurdering av kommunedrifta. Vår jobb i kommunen er å levera best mogeleg tenester til flest mogeleg for innbyggjaranes skattepengar. 

Her kan du lesa Asle Olsen sittlesarbrev.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os har klatra kraftig på Kommunebarometer dei siste åra. Dette er takka væra solid og målretta jobbing frå både tilsette, administrasjon og politikarar. Til dømes har ein klatra frå 177. plass til 77. plass på Grunnskule det siste året. Prosjekt Betre læringsresultat gjev no uttelling. Tilsvarande har ein gått frå 170. til 71.plass på Pleie og omsorg. Og på Miljø og ressursar er vi på 2. plass i landet!  På Kostnadsnivå er vi på 18. plass og på Økonomi er vi på 25. plass. På fleire andre område har vi framleis mykje å strekkja oss etter, men dette syner at vi brukar ressursane våre på ein god måte og at vi får gode tenester av kvar krone.

Kommunebarometeret gjev ein god indikasjon på korleis kommunen leverer både på tenesteyting og økonomi. No, kort tid før valet, vil eg imidlertid oppmoda deg som innbyggjar om sjølv å gjera deg opp ei meining om korleis du har det i Os og Fusa. Korleis levere kommunen på tenester, vedlikehald, folkevekst, næringspolitikk, eigedomsskatt osv.? 

Er du nøgd med den positive utvikling ein har hatt i Os er det kanskje grunn til å gje det politiske fleirtalet med FrP og Høgre fornya tillit? Tenk på primærtenestene, Osbadet, Oseana, Os Idrettspark Kuventræ, Luranetunet m/Tropehagen, full barnehagedekning, nye skular, tilbodet til psykisk utviklingshemma, psykiatri- og rusomsorga,sentrumsutvikling, null eigedomsskatt, overskot i kommunerekneskapen på 105 mill kr i 2018 og nær 600 mill kr på fond. 

Og ynskjer du meir stabil styring enn det Fusa kommune har hatt i siste fireårsperiode kan du kanskje vurdera Os-modellen også i Bjørnafjorden? 

FrP ynskjer no å skapa vekst og utvikling i heile Bjørnafjorden, og vi lovar at vi skal sjå alle deler av den nye kommune vår. Bygdene og krinsane våre, på begge sider av fjorden, har unike kvalitetar. Vi vil t.d. vri deler av folkeveksten i Os til Fusa, sørgja for likeverdige tenester på begge sider av fjorden, oppretthalda skulestrukturen, fjerna eigedomsskatten i Fusa frå 01.01.20 og jobba for bru mellom Os og Fusa. 

Uansett vil eg takka politiske kollegaer i alle parti for ein spanande valkamp, og ynskja alle innbyggjarar i nye Bjørnafjorden kommune eit godt val på måndag! No skal DU setja retninga for nye Bjørnafjorden kommune! 

Godt val!

Terje Søviknes 

Ordførarkandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden FrP