Oddvin Bøthun i lag med tre Stoke-legendar. Frå venstre Terry Conroy, Gordon Banks, Oddvin og Mike Pejic.
Oddvin Bøthun i lag med tre Stoke-legendar. Frå venstre Terry Conroy, Gordon Banks, Oddvin og Mike Pejic.

Legendarisk dag med legendane

Oddvin Bøthun og dei norske Stoke-supporterane såg lite VM-fotball laurdag.

– Det var ein magisk dag. Frå eg henta Gordon Banks, Mike Pejic og Terry Conroy med båten til dei vart køyrde til Haaheim Gaard laurdag kveld,hadde me det storveges. Å, for nokon menneske, så jordnære og kjekke. Det var ei oppleving for livet, seier Oddvin.

Stor mottaking

Dei tre tidlegare Stoke-spelarane var inviterte til den norske supporterklubben for Stoke på Tysnes. Øyanekaren Oddvin fekk oppdraget med å henta spelarane på Flesland kai.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vêret var kanon og Vestlandet viste seg frå si beste side. Gutane var overvelda over kor flott det var over Bjørnafjorden. Då me kom til kai på Tysnes. Stod 40 supporterar og tok dei imot – alle iførte Stoke-drakter, fortel Oddvin.

Deretter gjekk turen til Gunnar Hansen sin barndomsheim, mannen som starta den norske supporterklubben, før det bar vidare til treretters middag på Mandelhuset på Våge.

– Litt forseinka vart me jo grunna Pejic. Han er kjent for å vera for sein til alt. Denne gongen fordi han var i bakhagen og spelte fotball med Gunnaren sin son, humrar Oddvin.

Kven ville vel ikkje teke eit glas i lag med Englands VM-legende frå 1966, Gordon Banks?
Kven ville vel ikkje teke eit glas i lag med Englands VM-legende frå 1966, Gordon Banks?
Gunnar og bror Nils-Eivind Hansen fekk Stoke-heltane på vitjing på barndomstunet på Tysnes.
Gunnar og bror Nils-Eivind Hansen fekk Stoke-heltane på vitjing på barndomstunet på Tysnes.

Knyst rundt borda

Også engelske Stoke-supporterar var med på festen. Han eine flaug eige jetfly for å vera med.

Elles vart det sjølvsagt tid til litt mimring – mimring om store bragder.

– Me fekk mellom anna høyra Banks historie om det som vert omtala som verdas beste redning – redninga han hadde etter Pelès heading under VM i 1970, Då hadde vistnok Bobby Charlton vore bortom og sagt: Du må jo halda ballen på slike redningar, ler Oddvin før han held fram:

– Men han meinte sjølv at redninga hans då Geoff Hurst skaut straffe mot han i kvartfinalen i ligacupen i 1972 var endå betre. Då han fortalde om den redninga, var det knyst rundt borda. Han fortalde kva han tenkte før straffen, korleis han vurderte tilløpet til Hurst, og korleis han måtte slengja seg framover og så bøya seg bakover igjen for å nå ballen, så han fekk vippa han over mål, fortel Oddvin.

Gode på quiz

For Stoke-supporterane var det fest og samling både fredag og laurdag denne helga. På fredagen var det fotball-quiz.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Os-delegasjonen klarte seg rimeleg bra. Asbjørn Pettersen vann Stoke-quizen, medan underteikna var med på det vinnande laget for VM-quizen, fortel Oddvin.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no