Ei kvinne sklei og hamna i sjøen i hamnebassenget fredag morgon.
Ei kvinne sklei og hamna i sjøen i hamnebassenget fredag morgon.

Kvinne hamna i sjøen

Det blei sendt ut trippelvarsling då det kom inn melding om at ei kvinne hadde hamna på sjøen i hamnebassenget i Os.

Meldinga kom fredag morgon i 08.00-tida.

– Politiet, brannvesenet og ambulansen rykte ut. Redningsdykkarar blei også tilkalla. Ei kvinne hadde sklidd og hamna på sjøen, fortel politibetjent Kjetil Hansen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho hadde klart å koma seg på land på eiga hand, og det gjekk bra med ho.

Vidare seier Hansen at det er viktig å passa på om ein går langs brygga i desse dagar.

– Det er vått og glatt på brygga, og det er til tider mykje vind. Det gjer at det fort kan koma store bølger. Vêr på vakt og ta forholdsreglar, seier Hansen.