Inger Hauge frå Os skal vera med i det omstridte programmet til TV-Norge denne hausten.
Inger Hauge frå Os skal vera med i det omstridte programmet til TV-Norge denne hausten.

Klar for omstridt TV-program

Osingen Inger Hauge er klar for det omstridte TV-programmet Ex on the Beach.

Osingen la sjølv ut melding om dette på sin Instagram-konto for nokre dagar sidan.

Programmet vert sendt på kanal FEM.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjem inn etter kvart

To episodar av programmet er alt sendt, men osingen har så langt ikkje vore med.

Kort fortalt handlar programmet om fire single gutar og fire single jenter som møtest i ein villa på Mauritius. Etter kvart som tida går får dei besøk av ein ex som enten vil dei godt og vil ha dei tilbake, eller berre er der for «hevn».

Os og Fusaposten lukkast ikkje med å få kontakt med Inger fredag ettermiddag.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no