«Prisen» blei nyleg sett opp på Broadway med blant andre Danny DeVito og Mark Ruffalo i rollene. I Riksteatrets framsyning  har Helge Jordal, Kim Haugen, Iren Reppen og Per Frisch i hovudrollene.
«Prisen» blei nyleg sett opp på Broadway med blant andre Danny DeVito og Mark Ruffalo i rollene. I Riksteatrets framsyning har Helge Jordal, Kim Haugen, Iren Reppen og Per Frisch i hovudrollene.

Kjem til Oseana med amerikanaranes svar på Ibsen

Riksteatret er for tida på turné med «Prisen» av Arthur Miller med Helge Jordal, Kim Haugen, Iren Reppen og Per Frisch i rollene. Lørdag stoppar turneen på Oseana.

- «Prisen» er godt, gamaldags teater, sier skuespiller Helge Jordal.

- Arthur Miller skriv om folk som ønskjer seg eit godt liv. Han er på en måte amerikanaranes svar på Henrik Ibsen. «Prisen» handlar om dei vala vi tek i livet. Og dei vala vi tek, må vi betala ein eller annan pris for, seier skodespelaren i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regien er ved Kjetil-Bang Hansen. Framsyninga skal på besøk til 50 stader landet rundt.

Handlinga tek utgangspunkt i to brødre som ikkje har sett kvarandre på 16 år. Begge har vakse opp i same heim, men likevel blitt så ulike. Den eine valde karriere, den andre valde familie. No møtest dei att for å fordela arven etter sine foreldre. Kva pris vil dei få for tinga dei skal fordela? Og kva pris betaler dei for vala dei sjølv har tatt?

– Vi som har hatt eller har brødre, kjenner både i blod og kropp kampen og kjærleiken som kan leva mellom brødre, seier regissør Kjetil Bang-Hansen.

Arthur Millers store læremeister var Henrik Ibsen, og han har blitt ein av en av USAs mest innflytelsesrike og populære dramatikarar. Miller er aller mest kjend for teaterstykke som «En handelsreisende død» og «Alle mine sønner». «Prisen» blei nyleg sett opp på Broadway med blant andre Danny DeVito og Mark Ruffalo i rollene - og med Barack Obama på besøk.

Framsyninga er produsert av Riksteatret.

jostein@osogfusa.no