Gratis lunsjNyhende

Ja til gratis skulemat!

I dag går over 60.000 born på skulen utan matpakke, eller utan å ha spist frukost. Det fører til ein skuledag med meir uro og mindre læring.

AV
Publisert
Oppdatert:

For det blir ikkje skikkeleg læring utan skikkeleg ernæring.

Vi vil ikkje sitta passivt å sjå på at dette skjer. Derfor vil vi innføra eit enkelt felles skulemåltid med brødmat, pålegg, frukt, melk/juice osb. Og det skal vere gratis.

Skulemat er eit kinderegg: Det er sunt, det er bra for læring og det skaper eit sosialt fellesskap der alle er inkludert.

Ei vanleg innvending mot skulemat er at det er foreldra sitt ansvar å få frukost i ungane sine, og sørga for at dei har nistepakke med seg. Ja, i utgangspunktet er dette foreldra sitt ansvar.

Eit samfunnsproblem

Men det finst mange årsaker til at born møter på skulen utan mat. Aukande barnefattigdom er ei årsak. I nokre tilfelle er det foreldre som ikkje klarar å handtere foreldrerolla. Mange gonger det barna som ikkje bryr seg om kva foreldra seier. Dei står gjerne opp og reiser på skulen lenge etter at foreldra er reist på jobb. Og ofte er foreldra lukkeleg uvitande om at barna verken har spist frukost, eller har med seg matpakke.

Når titusenvis av barn går heile skuledagen utan mat har vi politikarar to val. Vi kan, som enkelte parti, lene oss tilbake og rette peikefingeren mot foreldra, og sei at dette er dykkar ansvar og dykkar problem. Eller vi kan sei at det er slett ikkje berre foreldra som har eit problem, når så mange barn blir råka. Da har vi som samfunn eit problem. Og vi har eit felles ansvar for å finna gode løysingar.

Bjørnafjorden Arbeidarparti tar dette ansvaret, og vi vil starta med gratis skulemat på dei tre ungdomsskulane våre; Fusa, Os og Nore Neset. På sikt skal vi innføre det også på barneskulane.

Ikkje så dyrt

Men blir ikkje dette frykteleg dyrt då? Svaret er nei. Skular som alt har innført felles skulemat brukar frå 10 til 20 kroner per elev per dag. Arbeiderpartiet bereknar 17 kroner per dag, og det inkluderer ei 20 % stilling ved kvar av ungdomsskulane til å administrere ordninga. For det er ikkje meininga at dette skal komme som ei tilleggsoppgåve til allereie hardt pressa lærarar. Med 1.000 elevar i ungdomsskulane i Bjørnafjorden blir den årlege kostnaden like under 3,3 millionar kroner. I tillegg kjem det mindre investeringar ved dei enkelte skulane til kjølekapasitet, utstyr etc. Med eit kommunebudsjett på langt over ein milliard skal vi fint klare å finne pengar til dette. Det handlar berre om vilje til å prioritere. For når alt kjem til alt – den viktigaste veksten er oppvekst!

Bjørnafjorden Arbeidarparti

Line Furubotn Storum

3. kandidat

Gisle Hesjedal

4. kandidat

Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut