I Lindgrens verd

Eit musikalsk kollektiv frå VG2 på Kongshaug musikkgymnas har sett saman ein flott hyllest til Astrid Lindgrens forfattarskap.

Lepsøy

Torsdag føremiddag viste dei om lag 40 elevane den sjølvkomponerte framsyninga for elevane ved Søre Øyane skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her fekk me små, musikalske godbitar frå kjente teaterstykke, filmar og TV-episodar frå Astrid Lindgrens rike forfattarskap.

Tema frå Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Ronja Røvardotter var sjølvsagte innslag.

Med eit svært og mektig band, fronta av ei rekkje blåsarar og gode korrister, låt det heile svært bra.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no