Podkast-operaen er basert på «Fru Inger til Austrått» av Henrik Ibsen og tek dagens politiske drama inn i middelaldaren der den mektigaste kvinna i landet, Fru Inger til Austrått, spelar eit storpolitisk spel om makta i Norden.

Høgst uvanleg operaoppsetting i Oseana

Søndag blir eit operaprosjekt utanom det vanlege sjøsett i Oseana. 32 ungdomar tek del i «Nattspill», eit politisk drama i form av ein podkast-opera (!).

Podkast-operaen er basert på «Fru Inger til Austrått» av Henrik Ibsen og tek dagens politiske drama inn i middelaldaren der den mektigaste kvinna i landet, Fru Inger til Austrått, spelar eit storpolitisk spel om makta i Norden.

Operaen er utvikla av Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland, i samarbeid med ungdomar frå Os og Fusa og studentar ved Griegakademiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- År 1528 og år 2018 - tidene og omgjevnadene er forskjellige - det nådelause maktspelet er det same. Tre 16 år gamle programleiarar prøver å forstå spelet og forbindelsane mellom i dag og hendingane på 1500-talet, fortel Haugland om handlinga.

Dei tre 16-åringane intervjuar dei unge operasongarane som har hovudrollene og knyt tema til dagsaktuelle, viktige spørsmål: Er det bruk for meg når eg ein gong skal ut i samfunnet? Kan eg forstå korleis det er å veksa opp utan å kjenna si biologiske mor eller far? Kva er det som fører til at nokon blir så fartsblinde på makt at dei er villige til å gå over lik? Kvifor bruker foreldra borna sine for å realisera eigne draumar og behov? Korleis er det å føla seg redusert til ei brikke i eit uforståeleg spel? Dette er berre nokre av spørsmåla operaen tek opp.

I tillegg til podkastarane og solistane, spelar koret Polyfoni og eit orkester beståande av 12 unge musikarar frå Griegakademiet ei berande rolle.

Silje Mørch som Fru Ingers datter Eline vert følgd av podkastar Una Seland.
Silje Mørch som Fru Ingers datter Eline vert følgd av podkastar Una Seland.

Solistar i framsyninga er Melissa Baug, Silje Mørch, Simen Bredesen Hørthe, Chistina Jønsi og Kaia Rullestad Teigen.Podkastarane vert spela av Una Seland Berntsen, Kaja Lyssand Nymoen og Natasja Smørholm.

Komponistane fra Session Studio O er Jone Kuven, Aasmund Brekke og Ole Rørstad.

Mellom sceneaktørane finn me også Marita Moe Sandven, Morten Brun og Randi Fossan Mæland. Dirigent er Ricardo Odriozola.

jostein@osogfusa.no