Mannen vart pågripen tysdag.
Mannen vart pågripen tysdag.

Gripen for drapsforsøk

Ein mann i slutten av 20-åra vart tysdag pågripen i Os for vald mot ei kvinne og drapsforsøk på ein mann.

Hendinga som førte til siktinga fann ifølgje Bergensavisen (BA) stad ved ein privat heim i Os.

Nils Christian Nordhus er bistandsadvokat for den fornærma mannen. Nordhus seier overfallet skjedde uprovosert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fengslingsmøte

Politiadvokat i Vest politidistrikt, Trond Eide, fortel til BA at dei ser svært alvorleg på saka. Han ønskjer ikkje å kommentera nærmare detaljar frå etterforskninga.

Den sikta vart ifølgje avisa lauslaten etter avhøyr måndag, men gripen på ny dagen etter då politiet fekk nye opplysningar og vurderte saka som langt meir alvorleg enn ein først rekna med.

Mannen vart torsdag framstilt for varetektsfengsling i fire veker. Stein Erik Ottesen er oppnemnt som forsvarar for mannen. Ottesen seier til BA at mannen er fortvila og lei seg, men at han ikkje erkjenner straffskyld.

Os og Fusaposten har forsøkt å koma i kontakt med politiet i Os i samband med saka, men har førebels ikkje lukkast med det.

camilla.kvamme@osogfusa.no