Personar over 70 år kan få gratis strøsand av kommunen om dei vil.
Personar over 70 år kan få gratis strøsand av kommunen om dei vil.

Gratis strøsand til eldre

Vi er inne i ein periode kor det ofte frys på. Dei som er over 70 år kan få gratis strøsand av kommunen om dei tek kontakt.

Enkelte dagar har det vore stor pågang på vakttelefonen til teknisk drift i kommunen. Mange er fortvila over glatte vegar. Eldre personar er særleg utsett for fall på glatt føre, og mange av falla skjer like ved bustaden, skriv Os kommune på heimesida si. Strøsand kan vera med på å førebyggja fall. Difor vil Os kommune tilby gratis strøsand til eldre i kommunen.

Personar som er 70 år eller eldre, som bur i Os kommune, kan få tilkøyrt strøsand heilt gratis. Alt dei må gjera er å ta kontakt med frivilligsentralen eller tryggleikssjukepleiar.