Brannvesenet i Fusa skal ifølgje 110-sentralen for kort tida sidan ha rykt ut til ein grasbrann i Fusa.
Brannvesenet i Fusa skal ifølgje 110-sentralen for kort tida sidan ha rykt ut til ein grasbrann i Fusa.

Grasbrann i Fusa

For kort tid sidan rykte brannvesenet i Fusa ut til ei melding om at det brenn i «gras og kratt» i Juvik i Fusa.

– Det vert meldt om brann i gras og kratt i Juvik i Fusa, skreiv 110-sentralen i Hordaland på Twitter for 40 minutt sidan.

Brannvesenet rykker ut til staden, heiter det vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje NRK er det truleg snakk om ein liten brann som det er lett å slukka.

– Vi er ikkje framme på steden enno, men slik det høyres ut treng vi berre å dynka området, sa vaktoperatør Karl Arne Røyset til nrk.no litt over klokka 15.

Os og Fusaposten har førebels ikkje lukkast i å få tak i nokon som kan seia noko meir om brannen.

camilla.kvamme@osogfusa.no