Glenn Erik Haugland heldt tale i Minneparken på 17. mai i år. Her var nettopp fellesskap og toleranse viktige moment.
Glenn Erik Haugland heldt tale i Minneparken på 17. mai i år. Her var nettopp fellesskap og toleranse viktige moment.

Glenn Erik Haugland utfordrar ordføraren på kommunens arbeid mot hat og diskriminering

Rasisme og diskriminering - kvar gjer vi i Os?, er overskrifta på Glenn Erik Hauglands førespurnad (interpellasjon) til kommunestyremøtet der han utfordrar ordføraren på konkrete verkemiddel og forslag.

- Rasisme og diskriminering på bakgrunn av hudfarge, religion, kultur eller legning er eit verdsomfattande problem som synest å bre om seg. Sjølv om problemet er globalt og debatten for det meste foregår i riks- og sosiale medium, finst løysingane lokalt, meiner Haugland.

Han meiner det vert snakka alt for lite om kva vi kan gjera i eit lokaldemokrati for å få bukt med rasisme og diskriminering.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kommunen har ansvar for barnehagar, skular, barnevern, sosiale tenester, helse og omsorg og integrering av flyktningar. I tillegg er Os kommune i kontinuerleg dialog med det frivillige kulturlivet, idrettslaga og lokale næringsverksemder. Ansvaret vi har gjennom kommunale tenester og nærværet både administrasjon og politikarar har til befolkninga i Os, gjer at vi både er skikka og forplikta til å endra negative haldningar til menneske med ein annan bakgrunn enn vår eigen, skriv Haugland.

Han dreg opp episoden der ein ungdom vart dømt for rasistisk motivert hatkriminalitet på ein fest i Os for to år sidan.

- Andre med mørk hudfarge har stått fram og fortalt om grove slengbemerkningar og trakassering fra osingar. Bergensaren Camilla Ahamath stod i mai fram og fortalde at ho ikkje ville bruka bunaden sin på 17. mai lenger. Ho orka ikkje at ungane hennar skulle oppleva at ho blei spytta på og kalt dei mest nedrige ting. Dette er sterke, triste, men dessverre sanne forteljingar som vi politikarar ikkje kan sitja roleg og finna oss i, meiner Haugland som spør kva som kan gjerast lokalt.

I interpellasjonen til kommunestyremøtet tysdag spør han «kva ordføraren vil gjera for få bukt med rasisme og diskriminering her i Os? Kva verkemiddel vil ordføraren foreslå å ta i bruk i dette viktige arbeidet? Kan ordføraren koma tilbake til kommunestyret med konkrete forslag og halda kommunestyret orientert om arbeidet mot rasisme og diskriminering?»

jostein@osogfusa.no