Vi er fleire som går forbi og minnast då vi sprang oss svimle ned Likbrekko for å rekkje øving eller sitjeplass på kinoen. Rad ein var garantert fritt utsyn og ein time til kiropraktor. Minna vil alltid vere der, men vil resten berre vere ei historie frå fjern fortid?
Vi er fleire som går forbi og minnast då vi sprang oss svimle ned Likbrekko for å rekkje øving eller sitjeplass på kinoen. Rad ein var garantert fritt utsyn og ein time til kiropraktor. Minna vil alltid vere der, men vil resten berre vere ei historie frå fjern fortid?

Gje plass – her kjem eg og utviklar bygda!

Eg veit ikkje kva for ord som blir sterke nok, men at politikarane i Os ønskjer å selje Fjellheim for utvikling av bygda, er hårreisande inkompetent, skriv Eirin Aspenes Sjøbø.

Vi treng dette bygget i tillegg til Oseana. Nei, det er ikkje like flott om vi hadde invitert Vebjørn Sand til Fjellheim, men kulturen sit i veggane, avtrykk av generasjonar i golvet, og stemninga i taket. Det skjer noko, ein kan kjenne det på ein heilt annan måte, når ein entrar Fjellheim. Fjellheim, som har vore så viktig, ikkje berre for meg, men og for min foreldregenerasjon og generasjonar før der.

Det skjer i hjartet kvar gong eg går forbi Fjellheim og ser at bygget forfell meir og meir. Som osing fødd midt på 80-talet, har eg uendeleg mange gode minne frå Fjellheim: Øvingar kvar tysdag og torsdag i spegelsalen, musikk, dans og drama. Oppvisningar på scenen. Sminkerom, kostymerom, førestillingar, basarar, konsertar, gymnastikk, skuleball, der Anne møtte Tore, festar, kino, og etter kvart babysong for eigne born. Alt i Fjellheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minna er mange for ein osing. Kvifor vi har politikarar som gir blanke i kulturarv forstår eg lite av. Smell heller opp eit ti etasjars bygg med glasterrasse og dårlege solforhold. For det er det vi vil ha, er det ikkje? Osøyro har forfalle, sjølv om det er pussa opp. Ikkje fordi det ikkje ser nytt ut, men fordi heile arven forsvinn meir og meir.

Butikkar som har vore der i generasjonar legg ned, og sjølv om eg og fleire med, handlar som gale på Os for å halde liv i butikkane, så er det ikkje nok.

Er vi ikkje fleire osingar igjen i Os? Er det ikkje fleire som kjenner på at Fjellheim må stå, alle kjensler lagt til side, som det funksjonelle bygget det faktisk er? Er det ikkje fleire osingar der ute som er oppvaksen med at del to av kinofilmen blei snurra før del ein, og som vil vidarebringa denne opplevinga til eigne barn? Kanskje ikkje, men kva skal våre barn kunne fortelje til sine? «Eg var på kino, og alt gjekk fint»? Kva er kjekt med den forteljinga?

Sett litt på spissen forsvinn meir og meir av osingens identitet. Klart ein ikkje skal sitje fast i gamle dagar og at ein må sjå framover, men nostalgi og kulturarv kan ikkje kjøpast for pengar. Når utbyggjarar brukar ordet utvikling, handlar det ofte om å fjerne det som har vore for å gjere plass til framtida.

Når utvikling betyr avvikling, er det på tide å ta grep. Ein kan lære av tidlegare feil, eller ein kan velje å stikke hovudet ut av borga si midt på Osøyro, og seia til seg sjølv at ein styrer verda, og har makt til å gjere kva ein vil. Berre køyre på med nok argument om utvikling, behovet for bustader, latterleggjere nostalgiske motargument, latterleggjere osingar.

Eg skal ærleg innrømma at eg har budd vekke frå Os i nokre år, og at eg vakna opp i seinaste laget for å kunne kjempe for Fjellheim. Men vit dette, dykk som har kjempa i årevis utan å ha blitt høyrt; vi er fleire som grin for Fjellheim, sjølv om vi ikkje har sagt det høgt. Vi er fleire som ønskjer at Fjellheim skal få leve. Vi er fleire som går forbi og minnast då vi sprang oss svimle ned Likbrekko for å rekkje øving eller sitjeplass på kinoen. Rad ein var garantert fritt utsyn og ein time til kiropraktor. Minna vil alltid vere der, men vil resten berre vere ei historie frå fjern fortid? Slik som kafeen og leikerommet ved sida av Mekka basar?

Eg har lyst til å skrive at eg ikkje veit, men sanninga er at historia dei siste tiåra har vist at osingens meiningar ikkje er like viktige som fylkesmannens. At når politikarane har bestemt seg, så har dei bestemt seg. At når fylkesmannen til slutt har gjeve grønt lys, så er bygget jamna med jorda før sola har stått opp. Utan sjel, utan varme og utan respekt for osingen.

Eirin Aspenes Sjøbø

Osing