Vinnesfestivalen er berre nokre få veker unna, og  Werner Skaathun, Therese Teige Nielsen og Kristin Almås gler seg.
Vinnesfestivalen er berre nokre få veker unna, og Werner Skaathun, Therese Teige Nielsen og Kristin Almås gler seg.

Går for ny festivalrekord

Leiinga i Vinnesfestivalen håpar at båtskyss av festivalpublikum og storsatsinga på Donkeyboy, skal gjera 10-årsjubileet til eit rekordår.

– Vi ligg betre an med sal av billettar enn i fjor, men då hadde vi ikkje førehandssal, seier Werner Skaathun og ler.

Vil ha fleire osingar

Det har dei føregåande åra, ikkje kome så mange osingar som festivalleiinga har håpa på. I fjor starta dei med skyssing av festivalpublim – eit samarbeid med Midthordland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var kring 40 osingar som nytta seg av det tilbodet, men det kom nok osingar også med private båtar og på andre måtar, seier Skaathun og legg til:

– Det var også det første året vi hadde båtskyss. Vi håpar at fleire vel å ta turen i år. Båten går frå Baldersheim, via Os og direkte til Vinnesholmen.

Må åtvara publikum

Rekorden i talet publikummarar er mellom 500–600 på kvelden.

– På dagtid har vi hatt mellom 1.000 og 1.5000 innom, men då er det gratis – så vi har ikkje ei nøyaktig måling av nett kor mange. Vi var nøgde med billettsalet i fjor, men det er plass til fleire. For å setja ny rekord, må vi over 600, seier Skaathun.

– Kor mange har de plass til?

– Vi har ikkje noko tak frå myndigheitene. Vi har eit lite internt tal, men vi er framleis langt unna å nå det, seier Skaathun.

For å setja ny rekord, har dei mellom anna lagt ut billettar til redusert pris. Det tilbodet går ut søndag.

– Eg har dessutan tru på at Donkeyboy ikkje berre vil lokka fleire osingar, men folk frå heile regionen, seier Skaathun og legg til at det nok kjem til å bli eit show utanom det vanlege med dei på scenen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må åtvara publikum då lysproduksjonen er heilt enorm. Det blir nok på høgde med nyttårsrakettane som blei skotne opp på sjøfronten i Os 1. januar. Dei stod eg på holmen og såg på sjølv. Eg håpar osingane tek turen over fjorden for å få med seg dette showet, seier Skaathun.

Liv i teltet mellom innslaga

I år har Vinnesfestivalen starta innsamling til Sykehusklovnene. Dei kjem også til Vinnesholmen laurdag 23. juni.

– Vi har fått inn 6.000 kroner så langt. Vi har gitt dei eit beløp for å koma, og vi kjem til å bidra meir når dei er her. Vi har eit mål om å få inn 15.000 kroner, men håpar og trur at vi kjem til å passera det, seier Skaathun.

På programmet laurdag, står Jan Eggum, Donkeyboy og HotShots. Nytt i år, er Er-An-teltet med dj.

– Er-An er med og sponsar festivalen. Dei stiller også med teltet. Dj Helge då det er pause på hovudscenen mellom innslaga. Vi skal ha liv heile tida, seier Skaathun.

I tillegg kjem Os Musikkforening på dagtid for å halda sommarkonserten sin på holmen under familiedagen.