Ordførar Marie Bruarøy, Jon Sivert Rykkel, Fredrik Schmidt Fotland og Bjørn (Bosse) Sigurdjonsson vil laga skeisefest i Os under OL. Men før det skal det samlast inn pengar til den 25 år gamle medaljekandidaten.
Ordførar Marie Bruarøy, Jon Sivert Rykkel, Fredrik Schmidt Fotland og Bjørn (Bosse) Sigurdjonsson vil laga skeisefest i Os under OL. Men før det skal det samlast inn pengar til den 25 år gamle medaljekandidaten.

Fyrer opp under OL-feberen i bygda

Os Næringsråd og Hannes planlegger skeisepub under OL. Men før det skal det samlast inn pengar til medaljehåpet frå Os.

Sverre Lunde Pedersen har fått ein pangstart på sesongen 2017-2018. Med andreplass på lagtempo og siger på 1.500 m har osingen til fulle vist at han har gjort ein grundig jobb med grunntrening og førebuingar til OL-sesongen.

Økonomisk og moralsk støtte

Men trass i årevis med gode resultat, er det heller tronge kår for skeisarane her i landet. Forbundet slit med å finna hovudsponsor og det same gjer utøvarane sjølve. Det siste finst det folk i Os som vil gjera noko med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er for gale at ein medaljekandidat i skeiser ikkje har hovudsponsor i OL-sesongen. Difor ønskjer me å samla inn pengar til Sverre, og syta for at han får eit godt bidrag til den vidare satsinga fram mot OL i Pyeong Chang i Sør Korea no i februar, seier Jon Sivert Rykkel.

Då han kom opp med spleiselagsideen for Sverre Lunde Pedersen kontakta han Os Næringsråd. Rådet var kjapt med på laget.

– I Fusa hadde me dette Fusalauget for Liv Grethe Skjelbreid, Anne Elen Skjelbreid, Raphael Poirée og Egil Gjelland. Det fungerte veldig godt. Eg trur me kan få til noko liknande her i Os, seier styreleiar i Os Næringsråd, Fredrik Schmidt Fotland.

Jon Sivert minnar om kva Fusalauget gjorde for skiskyttarane i Fusa. No håpar han og Marie Bruarøy at osingane kan få til noko liknande her for Sverre Lunde Pedersen.
Jon Sivert minnar om kva Fusalauget gjorde for skiskyttarane i Fusa. No håpar han og Marie Bruarøy at osingane kan få til noko liknande her for Sverre Lunde Pedersen.

Smålåten kar

Prosjektet er kalla «På glattisen med Sverre». Målet er å samla inn 300.000 kroner.

– Me har prata med det lokale næringslivet og dei verkar å vera positive. Både sentarleiar i AMFI Os, Silje Lygre, og William Lindborg i Os sentrumsforening vil ta dette vidare med sine butikkdrivarar. Håpet er at alle kan bidra med litt, seier Fotland.

Han legg til at dei også vil setja i gang ein Vipps-aksjon for at andre osingar og fusingar kan vera med og bidra.

– Det er noko med å få litt eigarskap til OL-helten vår. Me håpar eit slikt prosjekt vil gjera sitt til at me får opp entusiasmen for skeisesporten og OL, seier Fotland.

Skeisepub på Hannes

Tysdag var initiativtakarane til «På glattisen med Sverre» samla på Hannes konditori og musikkbar. Plassen var ikkje tilfeldig vald.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bjørn (Bosse) Sigurdjonsson og Hannes er med på satsinga. Dei er klare for å køyra «Skeisepub» under heile OL.

– Ja, den veka blir det ikkje mykje fotball her i garden. Då køyrer me på med norske flagg, skeisemeny og iiis-kald drikka, humrar Bosse.

– Ja, eller kanskje varm drikke, kvitterer dei andre rundt bordet.

– Er det ikkje buljong det går i på skeiseløp?

– Jau, kanskje me må servera det.

– Sånn feststemning vert det vel ikkje?

– Det kjem an på når løpa skal gå, men etter mi meining må det bli litt sånne familiearrangement dette. Alkoholserveringa skal i alle høve ikkje ha hovudfokus, seier Bosse.

Fredrik og Jon Sivert håpar også å få laga til eit OL-telt i sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg til det Bosse og dei får til på Hannes vil me sjå på høvet for å få opp eit OL-telt der me kan ha storskjerm og litt underhaldning sånn innimellom. Til Sør Korea er det dei færraste av oss som kjem. Då får me laga OL-stemning heime i staden, humrar dei to.

Os kommune vil bidra

Også ordførar Marie Bruarøy var på plass då planane for skeise-støtta og OL-festen vart presentert for Os og Fusaposten. Bruarøy er klar på at Os kommune ønskjer å bidra.

– Me ser det som heilt naturleg å bidra – både med tanke på å støtta Sverre økonomisk, og å vera med og laga OL-fest i bygda, seier ho.

Måndag skreiv ho forslag til neste formannskapsmøte om at dei løyvar 50.000 kroner til innsamlinga for Sverre.

– Me har eit disposisjonsfond som me kan nytta til føremål som dette. Eg både håpar og trur at politiakarane vil vera med og støtta Sverre, seier Marie.

Ho legg til at rådmann Christian Fotland har utfordra fylkeskommunen om å bidra med ein tilsvarande sum.

Syter aldri

Jon Sivert har fleire «hattar» i denne saka. I tillegg til å vera initiativtakar til prosjektet, sit han i formannskapet i Os kommune og er kompis med Sverre.

– Jaudå, eg legg ikkje skjul på at eg har litt hattar å halda styr på her i denne saka. Men eg hadde ikkje starta dette prosjektet om eg ikkje såg behovet for det. Sverre er blant Noregs beste vinteridretts-utøvarar og står likevel utan hovudsponsor i ein OL-sesong. Det er ganske sprøtt. Eg synest me bør hjelpe.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du prata med han om dette?

– Ja.

– Ha han beklaga seg til deg?

– Nei, Sverre klagar aldri. Han er berre ein veldig likandes kar som gjer så godt som han kan med dei midlene han har. Desto større grunn er det for at me støttar han. Sverre er ein særs god ambassadør for Os og kommunen vår, avsluttar Rykkel.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no