I november sleppte Elvis Costello singelen «You shouldn’t look at me that way out now!”, og i sommar skal han ut på nok ein turne. Før konserten på Tysnesfest skal Costello mellom anna spela i Anwerpen, Manchester og Wien .
I november sleppte Elvis Costello singelen «You shouldn’t look at me that way out now!”, og i sommar skal han ut på nok ein turne. Før konserten på Tysnesfest skal Costello mellom anna spela i Anwerpen, Manchester og Wien .

Frå Manchester og Wien til Tysnes

Elvis Costello inntek scenen på Gjerstad under Tysnesfest laurdag 14. juli.

- Elvis Costello er ei legende som har vore på vegen i 40 år. Han har samarbeidd med store namn som Paul McCartney, og er gift med jazzartisten Diana Krall. 63-åringen har gitt ut eit 30-tals album åleine og med fleire band og andre artistar, skriv Øystein Vaage i Tysnesfest i ei pressemelding.

Costello har ein Grammy-pris, og vart i 2003 teken opp i Rock and roll hall of fame.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av hans mest kjente hitar er kanskje «She», som gjorde det stort då filmen «Notting Hill» kom i 1999. Han er også kjend for «Alison», «Veronica» og «I’ll never fall in love again», som han song saman med Burt Bacharach.

Så langt er følgjande artistar lansert til Tysnesfest 2018: Elvis Costello & The Imposters, Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, OnklP & De Fjerne Slektningene, Bigbang, Oslo Ess, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk og The Vossa Rebels.

jostein@osogfusa.no