Sahar Muhaisen og Guro Gjuvsland vil ha ein kveld for alle; både for dei som er vaksen opp med ein kultur der Fairuz er viktig, og dei som høyrer om Fairuz for første gong.
Sahar Muhaisen og Guro Gjuvsland vil ha ein kveld for alle; både for dei som er vaksen opp med ein kultur der Fairuz er viktig, og dei som høyrer om Fairuz for første gong.

Frå Beirut til Fusa med Fairuz

Torsdag vert det invitert til arabisk kulturkveld i Kulturløo på Helland. Programmet vert ei feiring av den folkekjære libanesiske artisten Fairuz. I tillegg til musikken og poesien blir det søte smakebitar frå det orientalske kjøkken.

Medverkande er palestinske Sahar Muhaisen og Fusa-jenta Guro Gjuvsland.

Fairuz (82) er ein av dei største artistane og mest populære songarane i den arabiske verda. I arabiske land vert musikken hennar ofte spelt på radio i morgontimane og det er ei stemme folk er van med å vakna til og starta dagen med. Songane hennar handlar for det meste om kvardagslege hendingar på landsbygda, om den enkle kjærleiken, kjærleiken til heimland, mor og dotter. Det som gjer Fairuz sin stil spesiell og eksotisk, er at ho brukar naturen i alle songane. Ho ser naturen i alt ho syng for og om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sahar Muhaisen og Guro Gjuvsland vil ha ein kveld for alle; både for dei som er vaksen opp med ein kultur der Fairuz er viktig, og dei som høyrer om Fairuz for første gong. Dei vil introdusera nokre av songane hennar, fortelja historiane bak songane og i tillegg lesa opp nokre av dei viktigaste dikta ho har sunge.

På slutten av kvelden vil det bli høve for andre som har lyst til å synga noko, framføra noko, eller lesa opp dikt. Hovudspråka er norsk og arabisk, men det er selvfølgelig ope for å framføra songar eller dikt på andre språk.

Med i inngangbilletten får du også ein smakebit frå det orientalske kjøkken med servering av kaker og kaffi.

Inntekta frå arrangementet går til eit prosjekt for å fremja helse og skulegang blant syriske flyktningebarn i Libanon.

Arrangør er Fusa kommune ved «Kultur for integrering» i samarbeid med Kvinnenettverkgruppa på Fusahalvøya

Erik Vangsnes

Kulturleiar