Frå UP kontroll i 60-sona ved Engevik på Fitjar.
Frå UP kontroll i 60-sona ved Engevik på Fitjar.

For mange passasjerar

Politiet har hatt fleire kontrollar i helga.

Laurdag føremiddag stilte politiet seg opp ved Lyse Kloster. Der stansa dei ein bilist i 30-åra som ikkje hadde gyldig førarkort. Søndag føremiddag var politiet i Hegglandsdalen, og også der var det lite å reagera på.

– Det var ein bilist som fekk eit forenkla førelegg. Vedkomande hadde ein passasjer for mykje. Bilen var registrert for fem personar, men det sat seks i bilen. Etterpå var vi i Sperrevikvegen og hadde kontroll. Der var det ingenting å reagera på, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.