Elisabeth Farstad har lang fartstid i Bergen kommune før ho for eit par år sidan starta som assisterande rådmann i Fusa. Ho har det siste året før Nils-Petter Borge gjekk inn i rådmannsstillinga, fungert som rådmann.
Elisabeth Farstad har lang fartstid i Bergen kommune før ho for eit par år sidan starta som assisterande rådmann i Fusa. Ho har det siste året før Nils-Petter Borge gjekk inn i rådmannsstillinga, fungert som rådmann.

Farstad vert ny organisasjons- og innovasjonssjef

- Det har vore ein omfattande, god og spanande prosess der assisterande rådmann i Fusa, Elisabeth Farstad, no har fått tilbod og vil takka ja til stillinga, seier rådmann Christian Fotland på Os kommune sine heimesider.

Over 30 søkjarar melde si interesse for sjefsstillinga, og det var mange gode kandidatar, ifølgje kommunen. Sju personar vart kalla inn til intervju, testing og samtalar. Det er Headvisor rekrutteringsbyrå som har stått for prosessen.

Farstad har lang fartstid i Bergen kommune før ho for eit par år sidan starta som assisterande rådmann i Fusa. Ho har det siste året før Nils-Petter Borge gjekk inn i rådmannsstillinga, fungert som rådmann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Farstad har også bakgrunn frå informasjonsavdelinga i Bergen kommune der ho har vore i fleire funksjonar, mellom anna konstituert informasjonsdirektør.

- Vi er utruleg nøgde med at Elisabeth blir vår nye organisasjons- og innovasjonssjef. Ho vert gjennom denne stillinga også prosjektleiar for stabsavdelingane i samband med kommunereforma, seier Fotland til kommunens nettsider.

- Eg gler meg spesielt til å bli betre kjent med Os og få betre innsikt i «kvar skoen trykkjer». Eg vil setja av tid i starten til å få oversikt over Os og bli kjent med kulturen og dei tilsette i Os kommune, seier Elisabeth.

Ein viktig del av stillinga vil vere kommunesamanslåinga mellom Os og Fusa.

jostein@osogfusa.no