Fakiris menn rykkjer ned

Dei kjempa med nebb og klør, men tapte til slutt 0-1 for Brattvåg. Då Stord i tillegg vann 5-1 borte over Haugesund 2, rykkjer Os ned til 4. divisjon

Os og Stord enda på lik poengsum og like mange minusmål (-10), men Stord held seg over streken ettersom dei har skåra fleire mål med sine 48 mot Os sine 45 mål.

For den stolte klubben på Kuventræ er det særs trist å ta steget ned på femte nivå i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hassan El Fakiri har vore trenar i Os i tre år. Etter det Os og Fusaposten kjenner ønskjer leiinga på Kuventræ å forlengja avtalen med trenaren. Om nedrykket får konsekvensar for desse planane, vitast ikkje.

Me kjem tilbake med meir om kampen, og reaksjonane.