Fusa Brann og redning stiller i år som i fjor opp på Walk and Run. Men i år skal mykje skje på sjøen!
Fusa Brann og redning stiller i år som i fjor opp på Walk and Run. Men i år skal mykje skje på sjøen!

Eit showprega Walk and run for alle

Walk and Run er eit arrangement som passar for alle – born, ungdom og vaksne i alle aldrar – og her handlar det ikkje berre om å springja.

På «Walk and Run» kan du gå, du kan ha ein arm å halda i - du kan brukea rullator og bruka rullestol. Men sjølvsagt kan alle som ønskjer det springa så mange rundar dei vil i løypene som er 200 og 500 meter lange! Alle inntektene går til organisasjonen Childrens Burn & Wound Care Foundation (CBWCF) og til hjelp for brannskadde born i Etiopia.

Folkefest!

Laurdag 2. juni kan alle bidra til folkefest i Eikelandsosen. Fellesstarten som skal vera midt under arrangementet er for alle – og vi håpar mange finn vegen til startstreken. Dette skal vera høgdepunktet der ALLE skal kunna vera med – med eller utan hjelp – springa eller gå. Og vi er opne for alle kreative innslag – om du vil sykla eller trilla nokon i trillebår. Kom og bli med. Alle som deltek i Walk and Run får ei spesiallaga lita helsing som minne – vi håpar å ha nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Show-dag med politikarar - og topping av lag

Alle dei politiske partia i Fusa (og Bjørnafjorden) er utfordra til politisk parløp. Kva parløpet går ut på, vil dei som møter opp få sjå. Men dei politiske partia konkurrerer mot kvarandre – men det stiller likevel krav til samarbeid. Olje- og energiminister Terje Søviknes stiller saman med ein Fusarepresentant for Bjørnafjorden Frp, og ordførar Atle Kvåle stiller for Bjørnafjorden Ap saman med ein annan representant frå partiet. Både Senterpartiet, Kristeleg Folkepart, Venstre og Høgre stiller.

Levande musikk, idrettslagsstafett og hip Hop

Mange stiller opp for å laga ein festdag og skapa inntekter for å hjelpa brannskadde born i Etiopa. Eikelandsfjorden musikklag opnar «Walk and Run» med å spela nokre marsjar. Det vert ein eigen idrettslagsstafett der idrettslaga har skaffa sponsorar til løpet. Og Fusa Soul Children deltek med hip hop.

Ikkje til lands, men til vanns!

Fusa Brann og redning blir med, og det meste skal dreia seg om sjøen. Kven som hamnar i sjøen denne dagen får vi sjå på laurdag 2. juni. Men brannvesenet skal prøva ut nytt utstyr – og her vert det både fart og spenning. Brannvesenet mange stader kring i landet støtter CBWCF, og det same gjer Fusa Brann og redning ved at dei som deltek sponsar tiltaket.

Abdi og Hakin – 3 og 4 år – mista m.a. alle tærne. Her er dei saman med dr. Einar Eriksen og mødrene sine. No har dei fått sko på beina og lærer å gå att.
Abdi og Hakin – 3 og 4 år – mista m.a. alle tærne. Her er dei saman med dr. Einar Eriksen og mødrene sine. No har dei fått sko på beina og lærer å gå att.
Frå fellesstarten på Walk and Run i 2017.
Frå fellesstarten på Walk and Run i 2017.

Barnehagar deltek

Torsdag 31. mai skal både Jettegryta barnehage i Eikelandsosen og Holdhus barnehage ha «Walk and Run» i barnehagen. Her vil borna saman med familiane og personale gjera eit handslag for å hjelpa. På laurdagen under hovudarrangementet vil dei koma med helsingar.

Fusa frivilligsentral og Bruktbuo er aktive deltakarar i «Walk and Run». På same måte som i fjor står dei for forfriskningar og heimebakst til alle som er med. Det skal bakast fleire hundre bollar. Også i år førebur dei eit større lotteri, og det vert høve til å kjøpe lodd. Alle inntektene går til same føremål. Det er også sommarmarknad i Eikelandsosen denne dagen, så her vil det bli liv heile dagen.

Eriksen kjem

Dr. Einar Eriksen og kona Lillian-Rose blir med på laurdag. Dei er komne heim og er i Noreg for tida. Styreleiar for CBWCF, Hans Petter Schjeldrup, blir også med oss. Så her kan alle som ønskjer det få ein samtale med desse – for meir informasjon og elles triveleg samtale.

Viss lag eller organisasjonar og andre saknar å bli invitert med denne dagen, er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret eller frivilligsentralen – eller møt opp på laurdag. Du som les dette er viktig – og kjem du – er du med og lagar festen. Vi ønskjer flest mogleg med – og spontane bidrag er alltid velkomne.

Vi oppmodar alle som deltek til å skaffa seg sponsorar – spørja familie, vener og kanskje næringslivet. Ein del synest det er vanskeleg, og då er alternativet å betala litt for å vere med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fusaprosjekt

Dette prosjektet er eit diakonalt tiltak som Fusa sokneråd og Bruktbuo har støtta i fleire år. Kommunestyret har gjort vedtak om at dette skal vere eit Fusaprosjekt, og har gått aktivt ut med både økonomisk støtte og oppmoding til alle – privatpersonar, lag, organisasjonar og næringsliv, om å støtta opp om dette viktige arbeidet.

Gjennom dei siste par åra har engasjementet i Fusa auka – og både barnehagar, ungdomsskule og vidaregåande skule har engasjert seg på ulike vis i tillegg til at særleg mange privatpersonar og næringsliv har støtta opp om innsamlingar. Fleire grupper frå Fusa vgs og Fusa kyrkjelyd har besøkt Etiopia og møtt m.a. Einar og Lillian-Rose Eriksen og born og vaksne som har fått hjelp etter stygge brannskader. Sist vinter var ei gruppe elevar frå Fusa vidaregåande skule i Addis Abeba, og til hausten skal ei gruppe på om lag 35 personar, dei aller fleste frå Fusa, både til hovudstaden Addis Abeba og Hagere Mariam i Sør-Etiopia, for å sjå korleis det går med arbeidet CBWCF driv.

Harald Geir Sæther

Kyrkjeverje