Solberg-regjeringa har lagt fram eit usolidarisk budsjett. Deira viktigaste prosjekt er å gje mest mogleg skattelette til dei rikaste.
Solberg-regjeringa har lagt fram eit usolidarisk budsjett. Deira viktigaste prosjekt er å gje mest mogleg skattelette til dei rikaste.

Eit budsjett som råkar borna

Budsjettet som Solberg-regjeringa har lagt frem sviktar borna og alle som er opptekne av å ta vare på framtida, skriv Nils-Anders Nøttseter.

I Os og Fusaposten 13. oktober seier Laila Reiertsen i Frp at budsjettet er gledeleg for born, unge og deira foreldre, og nemner nokre få positive tiltak. Men ho seier ikkje noko om at bussturar blir dyrare fordi regjeringa vil auka momsen. Ho nemner ikkje at regjeringa vil fjerna støtta til ei rekkje viktige ungdomsorganisasjonar. Ho fortel ikkje at løyvingane til miljøtiltak vert barberte, og at dette budsjettet ikkje gir kutt i klimautsleppa.

Men så manglar også budsjettet omsut for framtida. Har regjeringa tenkt å gjere noko med dei skyhøge klimautsleppa i Norge? Neppe, dei kuttar tiltak for karbonfangst og -lagring, og gjer elbilar dyrare, mens dei satsar for fullt på at oljenæringa og utsleppa derfrå skal vara evig. Det er å spela russisk rulett med framtida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa manglar gode planar for korleis landbruket på Vestlandet skal takla eit klima som alt er endra dramatisk og som allereie no skapar problem for bøndene. H og Frp vil dessutan fjerna støtta til organisasjonar som arbeider for betre dyrehelse, meir miljøvenleg landbruk, mindre matkasting og auka forbruk av kortreist mat. Samstundes kutter regjeringa kraftig i talet kvoteflyktningar dei vil ta imot. Sjølv om behovet for å ta i mot fleire flyktningar er enormt, og norske kommunar har mykje ledig kapasitet til å ta i mot fleire. Dei gir framleis støtte til organisasjonen Human Rights Service, som ser det som si rolle å spre frykt og fordommar mot flyktningar og innvandrarar.

Solberg-regjeringa har lagt fram eit usolidarisk budsjett. Deira viktigaste prosjekt er å gje mest mogleg skattelette til dei rikaste. H og Frp tenkjer ikkje langsiktig, og dei heng fast i ei gamaldags tru på at næringspolitikken frå 1970-talet skal sikra oss trygge arbeidsplassar i framtida. For vanlege folk vil det bli dyrare å leva miljøvenleg, og framleis altfor vanskeleg å velja miljøriktige løysingar.

Nils-Anders Nøttseter

MDG