2018 har fått status som «Musikkorpsenes år» i kulturdepartementet, Norges musikkorps Forbund er 100 år. Dette skal markerast med landsfestival og NM for skulekorps i Bergen i juni 2018.
2018 har fått status som «Musikkorpsenes år» i kulturdepartementet, Norges musikkorps Forbund er 100 år. Dette skal markerast med landsfestival og NM for skulekorps i Bergen i juni 2018.

Ei takk til lokalmiljøet!

Eikelandsosen skule- musikklag er avhengig av gode støttespelarar. Det har dei heldigvis.

Eikelandsosen skulemusikklag har øvingar i Eikelandsosen, men me er heldige som har medlemer frå mange av bygdene i kommunen. Gjennom året har me mange kjekke aktivtetar både musikalske og sosiale, og mange kjem på dei lokale arrangementa våre for å følgja musikantane. Det set me stor pris på.

2018 har fått status som ”Musikkorpsenes år” i kulturdepartementet, Norges musikkorps Forbund er 100 år. Dette skal markerast med landsfestival og NM for skulekorps i Bergen i juni 2018. Skulemusikken sitt hovudmål dette året vert derfor deltaking i NM og landsfestival. Sidan me er eit lite korps som ikkje har full besetning på alle instrument, kan det vera utfordrande å finna passande musikk. Me har derfor bestilt eit eige verk som skal spelast i NM, der kvar musikant får si eiga namngitte stemme. Til vinteren ønskjer me også å arrangera ein showkonsert her lokalt som me håpar mange vil stilla på.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å kunna gje musikantane eit godt tilbod er me avhengige av å ha gode instruktørar, skikkelege instrument og musikk som musikantane likar å spela. Alt dette krev ressursar og me er avhengige av støtteordningar og gode sponsorar. Skulemusikken er heldig å ha gode støttespelarar, både private og bedrifter i lokalmiljøet. Me har sponsoravtalar med Bolaks, Eide Fjordbruk og Fusa Kraftlag, Sparebanken Vest er også ein trufast støttespelar ved utdeling av allmennyttige midlar. I tillegg er det mange bedrifter og privatpersonar som støttar oss med støttemedlemskap som det vert sendt ut brev om i november kvart år.

Ei anna stor inntektskjelde for oss er basar, kakelotteri og billettsal eller utlodding på arrangement.

Eikelandsosen skulemusikklag vil takka alle som bidreg til at me kan gje musikantane våre gode musikalske og sosiale opplevingar. For styret er det inspirerande å ha så mange gode støttespelarar som har tru på det arbeidet me gjer.

Styret i Eikelandsosen skulemusikklag