Into The Beast består av  Marita Moe Sandven (vokal) og Ole Amund Gjersvik (bass). Her frå Solbakkestova.
Into The Beast består av Marita Moe Sandven (vokal) og Ole Amund Gjersvik (bass). Her frå Solbakkestova.

Duka for urframføring med Into The Beast

Fyrstkomande laurdag er det duka for urframføring med Into The Beast hos Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland i Studio O.

Det er duoen Marita Moe Sandven (vokal) og Ole Amund Gjersvik (bass) som utgjer Into The Beast.

Laurdag vert det smakebitar både frå fyrste- og andrealbumet deira.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har eit akustisk og improbasert konsept. Somme vil kanskje kunna kalla det publikumsvenleg frijazz, fortel Sandven.

På debutplata «Into The Beast» utgitt februar 2016, er alt - med unntak av to spor med norsk tekst - improvisert i studio.

- Når vi opptrer live, tek vi utgangspunkt i det vi gjorde i studio og leikar og improviserer over dette, noko som sjølvklart opnar for variasjon, dynamikk, - og som også gjer at stemninga hos publikum, i rommet vi speler i, får vera med og innvirka på korleis konsertane blir frå gong til gong, fortel Sandven og held fram:

- For oss er det eit viktig poeng at uansett kor godt vi kan kjenna ein låt, så vil banale eller kvardagslege skilnader kring oss som temperatur, ver, konsentrasjon eller humør alltid kunna påverka spelinga, om så berre på mikroskopisk nivå.

Duoen sitt andrealbum, «Twelve Tracks Of Our Ghosts To Come», blei sleppt i haust, og duoen held urframføring av noko av materialet frå plata laurdag.

jostein@osogfusa.no