Død person funnen etter tips
Ein person er funnen død i Banktjørno. Personen vart funnen i ettemiddag etter tips frå turgåar.
Politiet antar at det er den sakna som det har vore søkt etter, som no er funnen, og dei pårørande er varsla. Det opplyser operasjonssentralen i Hordaland.
Personen vert no frakta til Gades for obduksjon. Politiet etterforskar saka på staden med mellom anna avhøyr av vedkomande som tipsa om at han såg noko i Banktjørno.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så langt er det ikkje noko som tyder på noko straffbare forhold, ifølgje politiet.
I nær tre veker har politi, brann og redningsmannskap leita etter Alexander Holsen. 29-åringen vart meldt sakna for 17 dagar sidan.