Talet nynorskelevar går ned med 197 på landsbasis.
Talet nynorskelevar går ned med 197 på landsbasis.

Det tettar seg til i nynorsktoppen - Os jaktar fyrsteplassen

Os kommune fekk 135 fleire nynorskelevar i 2017.

Denne saka stod fyrst på trykk på Framtida.no

Os manglar no berre 23 elevar før kommunen har passert talet på nynorskelevar i Stord. Stord har lenge vore kommunen med flest nynorskelevar i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gler meg at me har hatt ein så stor auke i nynorskelevar, seier ordførar Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H).

Usikkert etter kommunesamanslåing

I 2020 vil fleire kommunar slå seg saman. Slik det ser ut i dag, vil det vera nye Sunnfjord kommune som får flest nynorskelevar. I dag har dei fire kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal 3.017 nynorskelevar.

Like bak kjem Bjørnefjorden kommune (Os og Fusa) med 2.890 nynorskelevar og nye Ålesund med 2.642 nynorskelevar. Nye Øygarden kommune (Øygarden, Sund og Fjell) har i dag 2.543 elevar med nynorsk. Men veksten i talet på elevar med nynorsk varierer, så mykje kan enno endra seg.

Fleire nynorskelevar i seks fylke

I heile Noreg er det 76.352 elevar med nynorsk som hovudmål i dette skuleåret. Det er ein nedgang på 197 elevar frå sist skuleår.

I Hordaland auka talet på nynorskelevar med 151. Det var òg auke i fem andre fylke.

Oppland hadde størst nedgang i talet på nynorskelevar. Her blei det 101 færre elevar med nynorsk dette skuleåret. Seks andre fylke hadde òg nedgang i talet på nynorskelevar.

Talet på bokmålselevar gjekk opp frå 547.551 i førre skuleår til 551.214 elevar dette skuleåret.

post@osogfusa.no