Så glad blei Vladan Radojkic og lagkameratane då midtbanespelaren sikra 1-0 heime mot Sogndal 2 onsdag kveld.
Så glad blei Vladan Radojkic og lagkameratane då midtbanespelaren sikra 1-0 heime mot Sogndal 2 onsdag kveld.

– Det må vera mitt kjappaste mål

Lysekloster kom kjapt ut av startblokkane heime mot Sogndal 2 onsdag kveld. Før minuttet var spelt stod det 1-0 til heimelaget.

– I pausen fekk eg vita at det hadde gått 37 sekund. Det må vera mitt kjappaste mål, seier Vladan Radojkic.

Det var eit Lysekloster-lag ivirige etter å revansjera det som blei omtala som ein dårleg bortekamp mot Stord. Ein kamp som enda med eit 2-1-tap. Radojkic tok med seg ballen kring midten og gjekk forbi eit par av bortelaget sine spelarar og sette ballen kontrollert ned til venstre for keeper og Lysekloster var i leeinga etter knappe minuttet. Det var tydeleg at skåringa smaka godt, for det kom nokre høglytte brøl både frå målskårar og medspelarar. Kort tid etter hadde Martin Pedersen høve til å dobla leiinga, men avslutninga etter eit innlegg frå høgre, gjekk godt over mål. Bortelaget fekk sin første sjanse etter kring 13 minutt spelt. Den utnytta dei også godt. Thomas Hille, som fekk sjansen i mål i kveld og stoppa det som kom elles, hadde ingen sjanse til å ta avslutninga frå Jens Øvreseth. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blei de bekymra då bortelaget utlikna?

– Eigentleg ikkje. Vi merka kjapt at vi er eit sterkare lag enn Sogndal 2. Vi visste tidleg at vi hadde denne kampen, seier Radojkic.

Pedersen, som hadde eit par sjanser i førsteomgang, skulle også få seg eit mål før pause - noko som nok roa nervane til heimelaget. Først bomma han med høgrefoten, men med venstrefoten frå kring 14 meter, fekk han ballen i nettmaskene, og heimelaget kunne gå til pause med ei 2-1-leiing.

Martin Pedersen var frampå og sikra ei 2-1-leiing til heimelaget til pause.
Martin Pedersen var frampå og sikra ei 2-1-leiing til heimelaget til pause.

Kontroll på kampen

Heimelaget var det førande laget i førsteomgang. Det var dei også i andreomgang, utan at dei imponerte nokon. Kring midtvegs i andreomgang kom bortelaget på ei sjeldan visit i heimelagets 16-meter. Ein dødball frå langt bak i banen blei slått opp, og Lysekloster-forsvaret hadde skrudd heilt av. Dermed hamna ein av bortelaget sine spelarar plutseleg åleine med Hille, som kom seg kjapt ut og ned - og fekk avverga. Noko meir klarte ikkje bortelaget å skapa. Lysekloster-spiss Kristoffer Østervold måtte gå mållaus av banen i dag, noko han nok irriterer seg litt over, då også han hadde sine sjanser. Kort tid før det blei 3-1 til heimelaget, var han nære på med eit hovudstøt etter at keeper hadde bomma på eit innlegg. Men det var Radojkic sin dag i dag. Kring ti minutt før slutt fastsette han sluttresultatet med eit skot nede til venstre for keeper frå kring 16 meter. Heimelaget vann fortent 3-1, men det var ingen imponerande framsyning.

– I dag handla det om å reisa seg etter Sotra-kampen, der vi var dårlige. Det klarte vi. Vi har ein del å jobba med, men eg føler at vi er godt på veg, seier banens beste, Vladan Radojkic.