Fusa ungdomsskule markerte verdsdagen for psykisk helse alt i september. Fleire skular har markert dagen, og også neste veke vil dagen bli markert.
Fusa ungdomsskule markerte verdsdagen for psykisk helse alt i september. Fleire skular har markert dagen, og også neste veke vil dagen bli markert.

Dagen med ekstra fokus på psykisk helse

I dag er Verdensdagen for psykisk helse. Fleire skular har markert dagen på førehand, medan andre skular skal markera dagen neste veke. Os kommune markerer dagen i morgon på Kontakto i den gamle prestebustaden.

Årets tema er Noe å glede seg over, der ein blir oppmoda til å finna dei små og store tinga kring seg som gjev glede for seg sjølv og andre. Det kan gje betre psykisk helse i kvardagen.

– Årets tema byggjer vidare på den raude tråden for Verdensdagen 2016-2018: «Identitet og tilhørighet». Å vera trygg på eigen identitet og føla tilhøyrsle er grunnleggjande for psykisk helse, skriv Verdensdagen for psykisk helse på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor var temaet «...fordi livet forandrar seg». Då snakka dei om korleis endringar i livet påverkar vår psykiske helse. Bodskapet var at ein taklar endringar betre dersom ein har ein sterk identitet eller sjølvkjensle og gode relasjonar. Bakgrunnen for årets tema er kva som skjer når vi kjem til ein ny stad, eit nytt miljø, og skal etablera oss. Kvifor er det nokon som finn seg til rette, medan nokon blir ståande utanfor. Kva faktorar spelar inn for vår psykiske helse?

Open dag

Os kommune opplysar om open dag på Kontakto mellom 11.00 og 14.00 i morgon i den gamle prestebustaden ved Os ungdomsskule.