Brannvesenet fekk melding om opne flammar og mykje røyk.
Brannvesenet fekk melding om opne flammar og mykje røyk.

Brannvesenet måtte rykkja ut til forlatt bål i skogholt i natt

Då Os brann og redning kom fram til staden møtte dei både gneistar og røyk. Over ein time tok det å få kontroll.

Seint i går kveld fekk varabrannsjef Arne Monsen melding frå fleire osingar om opne flammar i området ved Bøkampen.

– Folk hadde sett opne flammar. Andre ringde inn og opplevde sterk røyklukt. Me rykte ut og kom fram til restane av eit stort bål som det framleis gnistra og rauk frå. Eigentleg såg det meir ut som ein fyllingsplass. Det var i alle fall samla mykje forskjellig som hadde brent, og brannsjefen hadde ikkje blitt varsla om at det skulle brennast, fortel Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet varsla

Brannvesenet ser alvorleg på hendinga, og har varsla politiet om saka. I tillegg til at opphevinga av bålforbodet enno ikkje var tredd i kraft i går kveld, er det uansett forbode å gjera opp eld i periode 15. april til 15. september i nærleiken av skog.

– Dette er i eit skogholt og i verste fall kunne det ha spreidd seg til skog i nærleiken. Det var ein god del vind og gnistane stod frå bålet, seier Monsen.

– Det var ikkje nok regn til å forhindra spreiing?

– Nei, det skal meir til enn litt naturleg regn for å sløkka eit ulmande bål, supplerer brannsjef Stein Gjøsund.

– Bålet var forlatt, det var etter mørkets frambrot, bålforbodet var ikkje oppheva, og brannvesenet hadde ikkje mått melding. Dette handlar om å ha respekt for reglane, seier Monsen og Gjøsund.

Nesten to timar av natta måtte brannvesenet via til bålet. Ifølgje loggen var brannvesenet ferdig klokka 01.35.

ol@osogfusa.no