I dag tidleg blei det meldt om innbrot på Best bensinstasjon i Os.
I dag tidleg blei det meldt om innbrot på Best bensinstasjon i Os.

Blodig mann tatt for innbrot

Rett før klokka 06.00 i dag tidleg fekk politiet melding om innbrot på Best bensinstasjon i Os. Kort tid seinare kom det meldingar om ein blodig og våt mann som virra kring i sentrum.

– Patruljen var på staden og gjorde åstadsundersøkingar og snakka med nokon frå Best-stasjonen, då vi fekk inn fleire meldingar om ein mann som gjekk rundt i sentrum. Meldingane gjekk på at mannen var blodig og våt, og at han ikkje såg ut til å kunna ta vare på seg sjølve, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stein Rune Halleraker.

Skadeverk på bensinstasjonen

Etter å ha fått skildringar av mannen, sjekka politiet videoen frå overvakingskameraet på Best-stasjonen, og fann ut at det kunne vera mannen som hadde brote seg inn i bensinstasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Patruljen fann mannen like ved gamle brannstasjonen i Os. Dette var kring halv åtte. Kva han har gjort mellom klokka seks og klokka halv åtte, er vi førebels ikkje sikre på. Det er gjort skadeverk på bensinstasjonen, men det er ikkje klart om noko er stole, seier Halleraker.