Ein SUV har hamna utfor vegen i Søvikåsen. Vegen vil vera stengd i om lag ein time, reknar politiet med.
Ein SUV har hamna utfor vegen i Søvikåsen. Vegen vil vera stengd i om lag ein time, reknar politiet med.

Bil på halv åtte

Ein bilførar og to born i ein SUV har vore ute for ei ulukke på Ole Bulls veg i Søvikåsen.

Det er full stopp i trafikken på staden, og skadestadsleiar Morten Haugland reknar med at vegen vil verta stengd i om lag ein time. Bilen ligg på halv åtte, delvis utfor vegen. Varabrannsjef, Arne Monsen opplyser at dei no har sikra bilen, og henta ut sjåføren og dei to borna. No startar jobben med å få bilen opp på vegen att.