Geir Granli og Joakim Myklebust er supernøgde med lokalet dei har fått i Os sentrum. Alt no gler duoen seg til å stikka oppom og testa terrassen på 17. mai.
Geir Granli og Joakim Myklebust er supernøgde med lokalet dei har fått i Os sentrum. Alt no gler duoen seg til å stikka oppom og testa terrassen på 17. mai.

Ba sjølv om å få plass hos Bakketeig

Geir Granli og Joakim Myklebust ba sjølve om å få etablera seg i Bakketeig-bygget i Os.

Torsdag ettermiddag var det storfin opning av Bergen Arkitektkontor i andrehøgda av det karakteristiske Bakketeig-bygget på Osøyro. Bergens-firmaet er strålande nøgde med å vera på plass i Os, og ikkje minst: Nett i desse lokala.

– Me gjekk faktisk og banka på til Linda Bakketeig. Me hadde så lyst til å få etablera oss i dette fine huset, seier dagleg leiar i Bergen Arkitektkontor, Joakim Myklebust.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Først var ho litt skeptisk, men etter litt att og fram, ordna det seg. Lokala er heilt fantastiske og med paradegata utanfor blir det ein draum å sitja å jobba her, seier Geir Granli.

Sistnemnde blir dagleg leiar ved kontoret i Os.

Gode kontaktar

Bergen Arkitektkontor opna i Bergen i 2014. Kontoret i Os blir firmaets første utanbys.

William Lindborg var blant dei inviterte som dukka opp under opninga. Han tek det som eit godt teikn at endå eit firma etablerer seg, ikkje berre i Os, men i sentrum av bygda.
William Lindborg var blant dei inviterte som dukka opp under opninga. Han tek det som eit godt teikn at endå eit firma etablerer seg, ikkje berre i Os, men i sentrum av bygda.

– Det er naturleg for oss å etablera oss her. Dei siste åra har me hatt mange prosjekt i og rundt bygda her, så no gler me oss til å ta imot kundar, gjester og interesserte til samtalar her i Os, seier Granli.

I lag med Carl Thomas Egenes blir han noko lunde fast på Os-kontoret.

– Me er totalt sju tilsette i firmaet, og alle kjem til å jobba litt på begge kontora. Arbeidsdagane blir etter kvart styrte etter kva prosjekt me er involverte i, seier Mykjebust.

Torsdag hadde dei invitert ei rekkje noverande og forhåpentlegvis komande kundar til opninga av kontoret.

– Me har mange gode kontaktar i Os, både innan det offentlege, innanfor næringslivet og her i sentrum, men me ønskjer jo å bli kjent med fleire og seia at: Hei, her er me, smiler Myklebust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ekspandera

Gutane har mange godord om Os-bygda og kommunen her.

– Dette er ein kommune i sterk vekst. Dessutan er Os sentrum i ferd med å revitaliserast og urbaniserast. Det er mange byggjeprosjekt på gang og stor tilflytting. Me har veldig lyst å vera med på alt det spennande som skjer med «Liv på Øyro» og alt det der, seier duoen.

Om alt går som dei ønskjer, vert det gjerne fleire faste tilsette på Os-kontoret.

– Me ønskjer å ekspandera. Om me får oppdrag til det, ser me ikkje bort frå at me utvidar arbeidsstokken i tida framover, konstaterer Granli og Myklebust.

Har skjønt det

Leiar i Os Sentrumsforening var blant gjestene som stakk innom torsdag. Han ønskjer den nye bedrifta hjarteleg velkomen.

– Det er utruleg kjekt dette. Det er tydeleg at folk har skjønt at det er i Os det skjer. At dei i tillegg ville til sentrum, er særs hyggjeleg. Me tek dette som nok eit teikn på at det «livast» på Øyro, smiler Lindborg.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no