På Monstermaster vert lyttaren teken tilbake til Stoltenbergs ambisiøse nyttårstale fra 2007, der det vert sett i gang eit prosjekt for å skapa eit utsleppsfritt gasskraftverk på Mongstad.
På Monstermaster vert lyttaren teken tilbake til Stoltenbergs ambisiøse nyttårstale fra 2007, der det vert sett i gang eit prosjekt for å skapa eit utsleppsfritt gasskraftverk på Mongstad.

Austestad nominert til musikkvideo-pris

Hans Martin Austestad er nominert til Kollisjonsprisen for Monstermaster.

Kollisjonsprisen er ein ny musikkvideopris. Prisen vert delt ut under den nystarta Filmfestivalen Oslo Pix. Austestads song er plukka ut mellom 190 innsendte bidrag.

Nominasjonen omfattar framsyning av videoen på Saga Kino i Oslo saman med dei andre 13 finalistane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- For meg er det ein siger åleine å bli nominert til eit arbeid eg for det meste har stått for på eiga hand, seier Austestad som har sunge og spelt alle instrumenta sjølve og miksa og mastra lyden sjølv. Han har også animert teikningane og redigert videoen sjølv.

På Monstermaster vert lyttaren teken tilbake til Stoltenbergs ambisiøse nyttårstale fra 2007, der det vert sett i gang eit prosjekt for å skapa eit utsleppsfritt gasskraftverk på Mongstad. Den såkalla «Månelandingen».Handlinga går vidare til saka om «monstermastene» over Hardangervidda nokre år seinare – noko som sette sinna i kok hos naturvernarar.

Her kan dusjå videoen.

jostein@osogfusa.no