Politiadvokat Trond Eide bad om fire veker varetekt for mannen i slutten av 20-åra, men fekk ikkje medhald. Avgjerda vart anka. Dermed må lagmannsretten ta stilling til om mannen skal varetektsfengslast.
Politiadvokat Trond Eide bad om fire veker varetekt for mannen i slutten av 20-åra, men fekk ikkje medhald. Avgjerda vart anka. Dermed må lagmannsretten ta stilling til om mannen skal varetektsfengslast.

Ankar avgjerd om lauslating av valds- og drapssikta mann

Retten meiner at mannen som tysdag vart sikta for vald mot ei kvinne og drapsforsøk mot ein mann, kan lauslatast. Avgjerda vart anka av aktor.

Mannen i slutten av 20-åra vart pågripen i Os tysdag kveld, og vart framstilt for vartektsfengsling i Bergen tingrett torsdag ettermiddag. Fengslingsmøtet gjekk for lukka dører.

– Resultatet av fengslinsgmøtet var at han vart lauslaten, seier forsvareren til mannen, Stein Erik Ottesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Aktor anka og avgjerda fekk såkalla oppsetjande verknad. Det betyr at mannen må sitja i fengsel fram til lagmannsretten har behandla saka i morgon eller seinast måndag, legg Ottesen til.

– Kva tenkjer du om avgjerda?

– Det var ei velfundert og riktig avgjerd, meiner forsvareren.

– Avverga stikk

Nils Christian Nordhus er oppnemnt som bistandsadvokat for den fornærma mannen. Han seier at klienten hans har opplevd kanskje sitt livs største mareritt.

Ifølgje Nordhus skal klienten hans ha blitt overfalt av ein væpna mann med kniv. Klienten skal ha gripe tak i knivvåpenet for å avverga stikk.

- Han var veldig redd då det skjedde, og kjenner også sjokk, vantru og bekymring no i ettertid, seier Nordhus.

Lauslaten etter avhøyr

Den sikta vart først lauslaten etter avhøyr måndag, men gripen på ny dagen etter då politiet fekk nye opplysningar i saka.

– Klienten min respekterte avgjerda, men uttrykte straks ei sterk uro for at gjerningsmannen på ny skulle forsøkja å ta livet hans, seier bistandsadvokaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

I følgje Nordhus skal dei to mennene ha kjent kvarandre så vidt frå før, men han kjenner ikkje til noko konflikt eller forhistorie mellom dei som kan forklara hendinga.

Bistandsadvokaten fortel at klienten hans tek lauslatingskjenninga frå torsdag ettermiddag til etteretning.

– Han kjenner seg trygg på at politi og domstol gjer dei riktige vurderingane når det gjeld spørsmålet om behovet for vartekt, seier han.

– Ingen kommentar

Då Os og Fusaposten var i kontakt med politiet i Os, var fengslingsmøtet enno ikkje over. Lensmann Oddbjørn Dyrdal sa då at politiet førebels ikkje ønskjer å kommentera hendinga.

– Vi kjem ikkje til å seia noko før fengslingsmøtet er over. Vi får eventuelt sjå på det i løpet av morgondagen, sa Dyrdal.

camilla.kvamme@osogfusa.no