Flimmer Film vann pris for beste vestlandsfilm i kategorien langfilm med Mirakelet i Moldova, med osing Hans Bjørn Bakketeig i hovudrolla. I tillegg vann fotograf Arne Daniel Storevold Haldorsen talentprisen.
Flimmer Film vann pris for beste vestlandsfilm i kategorien langfilm med Mirakelet i Moldova, med osing Hans Bjørn Bakketeig i hovudrolla. I tillegg vann fotograf Arne Daniel Storevold Haldorsen talentprisen.

Vann BIFF-pris

Hans Bjørn Bakketeigs Hjelp Moldova er i økonomiske problem, og eit permitteringsvarsel blei i dag sendt ut til tilsette. I ein tøff situasjon fekk dei likevel litt å jubla over, då filmen Mirakelet i Moldova i går vann pris på Bergen internasjonale filmfestival.

Regissør Stian Indrevoll frå Flimmer Film seier at responsen på Mirakelet i Moldova har vore fanstastisk.

– Det er veldig kjekt at filmen har blitt teken så godt i mot. Mange har snakka om han, seier han og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det er ting som er viktigare enn å laga film, og det er det Hans Bjørn og dei driv på med. I dag blei det sende ut permitteringsvarsel til tilsette i Hjelp Moldova. Dei er i ein vanskeleg posisjon. Eg som menneske og filmskapar ønskjer at dei skal få kunna jobba vidare med det viktige arbeidet dei gjer. Det er heilt forferdeleg om dei etter så mange års hardt arbeid ikkje skal få kunna fullføra når dei er på oppløpssida.

Organisasjonen har blant anna gått ut på Facebook og gitt uttrykk for at dei er takksame for alt av bidrag dei kan få inn, anten via vipps, eller ved bankoverføring.

Ekstraframsyning i kveld

Som prisvinnar i kategorien beste vestlandsfilm, får dei 10.000 kroner frå Sparebanken Vest, og ei ekstraframsyning av filmen i kveld klokka 19.10 på Magnus Barfot.

– Vi veit at det var ein del osingar som ikkje fekk billett i helga, både fredag og laurdag. Dei har høve til å sjå filmen i kveld. Det skal vera nok tid til å koma seg heim og eta middag før ein køyrer, seier Indrevoll og smiler.

Hans Bjørn Bakketeig er i Moldova, og kan ikkje stilla på visninga, men kollegaen hans Tatiana vil vera tilstades.

– Eg vil absolutt anbefala å sjå denne filmen på eit stort lerret, seier Indrevoll.

I tillegg til beste vestlandsfilm, vann fotograf Arne Daniel Storevold Haldorsen frå Flimmer Film talentprisen.