Vokalist Ole Andrè Westerheim hadde eit fantastisk scenenærvær saman med Os kammerkor.
Vokalist Ole Andrè Westerheim hadde eit fantastisk scenenærvær saman med Os kammerkor.

Rocka Oseana med Queen tribute

Slik har du aldri sett Os kammerkor før! Kombinasjonen av det tradisjonsrike koret og Queen tribute-talentet Ole André Westerheim m/band fungerte overraskande bra i Oseana i kveld.

Det høyrdest kanskje ikkje ut som det opplagde valet for Os kammerkor å covra Queen-låtar, men laurdag kveld var det nettopp det som stod på menyen i storsalen i Oseana. Rundt 200 osingar venta spent i halvmørket då koret entra scenen, som for høvet hadde med seg hjelpande songkrefter frå Haugesund-koret Kor Camena, Bandet «Just 4 you» og ein 25-åring frå Fitjar til å syngja solist.

Ein perfekt match

Etter kvart som klassikar etter klassikar frå det ikoniske bandet let utover salen, vart det tydeleg at kora, bandet og solisten matcha kvarandre tilnærma perfekt. Queen med sin melodiske rock gjorde seg ofte nytte av firstemt song, og passa dermed godt til korarrangementet laga av Øystein Fevang. Å matcha Freddie Mercurys dynamiske stemme – som ifølgje fansen hadde ei rekkjevidd på fire oktavar – er ingen enkel jobb, men Ole André Westerheim gjorde eit imponerande forsøk. Kanskje trefte han ikkje absolutt alle tonane like klokkereint som sitt føredøme, men det tok han att med eit fantastisk scenenærvær.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dedikerte song til Anne Fristad

Dirigent Ann Elisabeth Tveit fortalde interessante historier om bandet ho tydelegvis sette høgt reint personleg.

– Eg er av den typen som blir ven med deg dersom du syng denne songen me skal syngja no saman med meg på nachspiel, sa Tveit. Songen var Bohemian Rhapsody, og Tveit dedikerte songen til tidlegare kormedlem Anne Fristad, som døydde i fjor.

Fekk heile salen med

Avslutningsvis ville tidlegare Os kammerkor-dirigent Karina Lange (no dirigent for Kor Camena) salen med på eit eksperiment. Ein av Queen sine aller mest kjende låtar «We will rock you» skulle korast av publikum. Med kyndig røyst sette ho tonen for dei ulike stemmeleia, og fekk mennene til å trampa takten, medan damene skulle klappa. Korleis resultatet blei kan du høyra ein smakebit av her:

Os kammerkor imponerte stort laurdag kveld med Queen-konsert.
Os kammerkor imponerte stort laurdag kveld med Queen-konsert.
Roger Pedersen frå bandet Just 4 you spelte sologitar som ein helt.
Roger Pedersen frå bandet Just 4 you spelte sologitar som ein helt.
(
(

Smakebit nr. 2

Dont stop me now:

ol@osogfusa.no