Desse tre kjem til Oseana for å underhalda osingar til våren.
Desse tre kjem til Oseana for å underhalda osingar til våren.

Gler seg til å koma attende til Os

– På 1990-talet sat vi i baren på Madam Ane med publikum og såg “Lollipop” på fjernsynet før vi gjekk opp på scenen og spelte songane, seier Tor Endresen.

12. april står Endresen på scenen i Oseana saman med kompis og samarbeidspartnar gjennom “alle år”, Rune Larsen. I framsyninga “Jukebox – en ønskekonsert”, har dei også fått med seg allsong-dronning Katrine Moholt.

– Tidleg på 90-talet ein gong var det ei ung jente som kom bort til meg og sa at ho var så stor fan av Rune og meg. Eg spurte om ikkje ho var litt ung til å høyra på oss. Ho sa nei, det var berre det ho likte. Det var faktisk Katrine, seier Endresen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har hatt ho med som gjest eit par gonger. I sommar var eg gjesteprogramleiar i Allsang på grensen, som ho er programleiar for. Då sa at eg vi skulle på turné, og eg spurte om ho kunne tenkja seg å vera med. Det viste seg at ho har tid og anledning. Endeleg kan vi reisa på turné saman. Katrine er like skjønn på innsida som på utsida. Ho bryr seg om folk og er like hyggjeleg som ho framstår på TV.

Publikum kan velja songar

Endresen fortel at det er 50- og 60-talsmusikken som ligg til grunn for det han og Rune Larsen gjer saman, og at dei i Jukebox spelar på to ting: Det velkjende og overraskingar.

– Ein jukebox kan innehalda så mykje. Det kan vera litt frå TV-serien “Hver gang vi møtes”, som er eg med på no, og Runes nye plate. Det blir også mykje humor og litt ord til ettertanke. Det blir ein produksjon med band og alt som høyrer med. Publikum skal få litt for pengane, seier Endresen.

Publikum får også vera med og påverka programmet for kvelden.

– Publikum kan senda inn ønskjer i forkant. Dei songane som får flest røyster, vil vi framføra, seier Endresen.

Bergensaren har vore mykje i Os frå barndommen av til no – både som artist og på fritida – og han gler seg til å koma attende.

– Oseana er eit flott bygg, og vi gler oss stort til å koma til Os.

Her kan ein røysta på ulike songar: https://no.surveymonkey.com/r/HKCHL2B