Først fylte han Oseana, så gjorde Thomas Helgesen det same på Ole Bull Scene. No skal han prøva å gjera det same igjen med seks show i september.
Først fylte han Oseana, så gjorde Thomas Helgesen det same på Ole Bull Scene. No skal han prøva å gjera det same igjen med seks show i september.

Datoane er spikra: Til hausten blir det meir av To meter tulling

Thomas Helgesen er tilbake på Ole Bull Scene med showet sitt i september.

– Det var dei på Ole Bull Scene som fronta at dei ønskte å setja opp fleire show. Eg får ta det som eit stort kompliment, for dei har no litt peiling på stand up, seier Helgesen og legg til:

– Dei har vore veldig positive på Ole Bull Scene. Både eg og dei blei overraska over at så mange kom på showa. Dei hadde ikkje trudd at eg skulle vera ein så stor suksess.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor suksess

I februar i fjor blei det klart at Thomas Helgesen skulle halda stand up i Oseana. Framsyninga i oktober blei raskt utselt, og ekstrashow måtte setjast opp. Nokre månader seinare blei det klart at Helgesen skulle ta showet til Bergen – også der hadde han stor suksess, noko som gjer at det blir fleire kveldar i Bergen i september.

– Det var nokre torsdagar det ikkje var heilt utselt, men fredagane og laurdagane var det fullt. Totalt var det vel 90 prosent dekning, seier Helgesen.

– Har det gått så bra at du ser føre deg å bli komikar på fulltid?

– Eg har ikkje tent éin krone endå, seier Helgesen og ler.

– Eg må ha inntekt for å kunna leva, så det er ikkje særleg realistisk å tenkja slik no. Men det er klart at det hadde vore kjekt å bruka nokre år av livet på å underhalda på kveldstid og hatt fri om dagen. Eg trur det er eit godt stykke fram dit, seier Helgesen.

Måtte skriva litt om

Det var ein sjuk og nervøs osing som inntok Bergen til dei første showa i mars.

– Då hadde eg biholebetennelse, men det var berre til å stå i det. Det gjekk over all forventing. Det var også mykje spenning knytt til det som går på lokalt tilsnitt. Eg måtte skriva om litt for å gjera det regionalt. Det viste seg at eg fekk veldig god respons på det eg tenkte kanskje kunne var for lokalt, og det er jo positivt, seier Helgesen.

Det blir ikkje dei store endringane på showet i september.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir nok nokre opningsseanse med tilsnitt til ferske nyhende. Elles blir det mykje det same, seier Helgesen.