Er verkeleg den gamle brannstasjonen verneverdig, undrar Hans Ingebrigtsen.
Er verkeleg den gamle brannstasjonen verneverdig, undrar Hans Ingebrigtsen.

Lesarbrev: – Kva er verneverdige bygg i Os?

Å «klistra» det gamle branntårnet som dekor på fasaden til parkeringshuset må vel vera ein spøk, skriv Hans Ingebrigtsen.

Etter å ha lese referatet frå planmøtet om nytt parkeringshus på Os, i Os og Fusaposten, må eg spørja: Kva er verneverdige bygg i Os?

Greit at protestgrupper står opp for bygg, t.d. Fjellheim, men når omfattande, lange demokratiske prosessar er gjennomførde, bør protestaksjonane stoppa. Det er alltid leit å tapa ei sak, men Os kommune kan ikkje ta vare på alt gamalt, og særleg ikkje hus som hindrar ei heilt naudsynt utvikling i sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så til «brannfakkelen»! Er verkeleg den gamle brannstasjonen verneverdig? Er dette bygget eit historisk praktbygg? Etter å ha lese referatet frå planmøtet for parkeringshus i sentrum, veit eg ikkje om eg skal le eller grina. Å «klistra» det gamle branntårnet som dekor på fasaden til parkeringshuset må vel vera ein spøk?

Stakkars plansjefen som skal prøva å sy saman alle innspela frå politikarane i Plan- og bygningsutvalet. Her vil eg seia at Bahus sin replikk var på sin plass: Blir det plass til bilar i parkeringshuset?

Kva skal vernast og kva bør vernast?

Eg er ikkje fagleg kompetent, og må stola på ekspertisen. Osøyro har eit sterkt begrensa areal, som no er under press og utvikling. Opp gjennom åra har kommunen slite med å finna midlar til vedlikehald både utvendig og innvendig i kyrkja, prestebustaden og ikkje minst gamlestova.

Sjølv er eg ikkje ein ivrig kyrkjegjengar, men meiner likevel at dette er bygg som verkeleg er verneverdige, og eg er spent på korleis debatten blir når utbygginga nedanfor ungdomsskulen kjem. Då blir vel den gamle møbelfabrikken ved Oselva òg verneverdig.

Til slutt: Osøyro er berre så stor som ho er. Arealet er under press og utvikling. Bør kommunen heller bygga eit parkeringsbygg i fjell, sjølv om det vert dyrare? Vi vil då spara areal, og behalda den fine opninga mot fjorden vi ser når vi kjem inn mot Osøyro.

Hans Ingebrigtsen