Serien Snøfall er eitt av mange døme på at bergensarar får skurkeroller, medan heltane snakkar austlandsk.
Serien Snøfall er eitt av mange døme på at bergensarar får skurkeroller, medan heltane snakkar austlandsk.

Norsk Barne-TV: Vestlendingar er slemme eller dumme

Har du lagt merke til at helten i seriar på barne-tv eller i filmar nesten aldri snakkar vestlandsk dialekt?

Eg vart kanskje først merksam på dette merkelege fenomenet då eg lei meg gjennom dei første filmatiseringane av Varg Veum-bøkene i 2007 og 2008. Eg hadde lest dei fleste bøkene, og visste godt at Varg Veum var fødd i Bergen og oppvaksen på Nordnes. Men kven vart valt til å spela hovudrolla? Austlendingen Trond Espen Seim. Helten kunne ikkje snakka bergensk, eller?

Sidan den gongen har eg fått fleire born, og barne-TV har igjen blitt ein fast post på programmet. Ei merkbar endring frå då eg sjølv såg på Skomaker Andersen på NRK, er at det er blitt vanlegare å høyra fleire dialektar. Brannmann Sam har til dømes fått ein bror som snakkar tromsøværing. I serien Milly og Molly snakkar alle sunnmøring! Det er jo glimrande. Men så gjorde eg oppdaginga: bergensarane er aldri heltar, men nesten alltid plasserte i skurkerolla. Er det tilfeldig?

Artikkelen held fram under annonsen.

For å ta eit ganske ferskt døme: I juleserien Snøfall som var NRK si storsatsing i fjor, snakka heltane Selma, Håkon og sjølvaste julenissen Oslo-dialekt. Den strenge fostermora til Selma, Ruth? Bergensk. Selma kjem til sjølvaste nissens landsby etter å ha rømt vekk frå Ruth, men heller ikkje her er det heilt fritt for bergensarar. Julenissens sekretær, Winter (bergensar), går til det drastiske steget å kidnappa julenissen for å sjølv ta hans plass. Konklusjon: Dei snille er frå Oslo, dei slemme frå Bergen.

Eit sjeldan unntak til regelen om at hovudrolleinnehavaren ikkje kan snakka bergensk, finn ein i Istid-filmane. Men også her er det kraftig bismak: den bergensktalande hovudpersonen Sid, er ein slags antihelt som har overlevt evolusjonens gang mest på grunn av flaks. Og ved hjelp av nokre gode og sterke austlandsktalande vener: Sabeltigeren Diego og Mammutten Manny. Dovendyret Sid passar derimot heilt klart inn i kategorien «mindre begavet».

I dei fleste seriar dubba til norsk er det framleis slik at oslomål er dominerande. Pokémon, Peppa Gris, My Little Pony, Lego Chima og så vidare – ikkje eit ord nynorsk. Resultatet er at når ungane skal leika, er det på liksom-austlandsk. Ungane blir påverka av dialektane dei høyrer på TV. Kva skjer når dei nesten aldri høyrer sin eigen dialekt, og då berre i dei dumme eller slemme karakterane?

Ein sjeldan gong blir problemet så påfallande at det blir tilløp til offentleg debatt. I 2011 reagerte mor og sogning Anne-Mette Hjelle på korleis dialektane var fordelte i den norske versjonen av Dragetreneren. «Dei som var litt gammaldagse, trauste, dumme og litt einfaldige, dei snakka slik som eg gjer. Medan dei kule og kloke, helten og heltinna, dei snakka bokmål», sa ho til NRK Sogn og Fjordane. Instruktøren for dei norske stemmene, Johannes Joner, forsvarte seg med at heltane var yngre enn dei andre, og hadde difor fått ein meir «urban tone». Verkeleg? Dersom han leita etter ein urban vestlandsdialekt, var det ikkje ein tanke å sjå i retning av den største byen i vår landsdel?

Heldigvis har me vestlendingar ein god dose sjølvironi. Så då det i 2016 kom nok ein film der det var bergensarar i alle skurkerollene – teiknefilmen Trolls – tok me det med godt humør. Me hadde opplevt akkurat det same året før, med filmen «Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin» (Gjett kven som snakkar bergensk?). Og før det igjen, med «Monsterbedriften». I tilfellet Trolls var det heilt eksplisitt: Dei skumle bergenske trolla budde under ei regnsky, og åt små lukketroll for å bli lukkelege. Ein må jo berre le. Sosiologen og bergensaren Trond Blindheim uttalte i samband med filmen at bergensarar har ein svært påståeleg dialekt, og at dei ikkje tek seg nær av å bli tulla med. «Det verkar som om dei berre blir meir stolte av det». Og bergensarane sjølve lo godt i kinosalane.

Så ja, me skal nok overleva diskrimineringa mot vestlandske dialektar også. Me kan le av oss sjølve. Men eg er sanneleg ikkje sikker på om oslofolket hadde tolt det like godt om rollene var snudd om!

ol@osogfusa.no